Nytt
Ørskog vgs mister restaurant- og matfaga
20. april 2010, kl. 20.50
Fylkestinget vedtok i å flytte restaurant- og matfag fra Ørskog inn til Ålesund.
Flertallet på 26 mot 21 representantar bestemte i dag, tirsdag, at restaurant- og matfaga flyttes frå Ørskog vgs og inn til Ålesund.
- Eit trist vedtak. Dette er dårleg distriktspolitikk og eit slag mot distriktane, seier koordinator Kirsti Stakkestad på vegne av Norddal Ungdomsråd. Norddal Ungdomsråd deltok i dag på fylkestingssamlinga i Geiranger med heile 11 stykker.
- Vi skjønar ikkje kvifor alt må flyttast til byane. Mange ungdomar må no flytte til byen og bu på hybel.
I eit brev som ble utlagt til alle fylkestingsmedlemar under tingssamlinga seier ungdomsrepresentantane i Ørskog, Stordal og Norddal klart nei til nedlegging av Ørskog vgs. Dei tre ungdomsrådane spør kvifor "det skal vere mykje vanskeligare for dei i byane å reise ut til bygdene, enn omvendt? Avstanden er like lang."
Dei stiller også spørmålet om det berre er dei største skulane som er gode og seier at ikkje alle ungdomar er klare for hybellivet.


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
22 april, 2010
08.13
eg sjølv meiner det er heilt feil av politikarane og leggje ned alt.
om vi går innan skule, leggjer dei ned alt som er og vil sentralisere dette, til storbyane, eller stor skulane.
om vi går til Arbeids sammen heng, blir e meste plassert i byane.
eg meiner politikarane, kan bruke meir pengar, vi er trosalt eit av verdens rikaste land
Noreg skal trosalt være verdens beste land å bu i.
eg begynner no å lure, kor skal folk gå skule og kor skal folk jobbe