Nytt
Økonomi og attraktivitet
30. nov 2007, kl. 09.25
Fredag 30. november var nettsjef Hallvard på plass i Ålesund for å følgje Mørekonferansen 2007. Han orientert live på UNGweb frå konferansen her på UNGweb.
Kva i alle dagar?? Referere frå ein konferanse om økonomi og attraktivitet her på UNGweb??
Ja, kvifor ikkje.
Målet med Mørekonferansen er å vere ein sentral møteplass for næringsliv, finans, politiske og offentlige aktørar, ved å sette nærings- og samfunnsutvikling på dagsorden.
Kva, er ikkje ungdommane invitert eller representert??
Ser ikkje slik ut. Difor skal eg, om ikkje anna, halde dere her på UNGweb orientere om kva dei med politisk- og økonomisk makt snakkar om.
Kl. 09.23
Vakre bilete frå Møre og Romsdal med nydelig klassisk musikk i bakgrunnen rullar over skjermen i det salen blir fylt med slips og dressar (for det er eit fleirtal av dei her akkurat no).
Kl. 09.25
Fylkesordførar Olav Bratland ønskjer velkommen. 300 påmelde til Mørekonferansen i år. Bratland peikar på det skrikande behovet for arbeidskraft i fylket i dag. Ikkje berre arbeidskraft, men arbeidskraft med spisskompetanse. Samtidig er det ein befolkningsnedgang blant ungdom i Møre og Romsdal.
- Korleis vere attraktive og lekre for ungdommen? spør fylkesordføraren. Han har ikkje svare i dag, men håpar at konferansen skal vere med å peike på viktige moment i dag.
Kl. 09.50
Etter eit beinhardt, rytmisk kulturelt innslag fylt av lettkledde menn burde stemninga vere godt plassert (Brattvåg trommekorps). Dette burde motivere.
Sjeføkonom i Sparebanken Møre, Inge Furre, skal no snakke om det fortsatt er gode tider i vente.
Kl. 10.19
Statistisk sentralbyrå (SSB) har satt saman eit konjunkturbarometer for Møre og Romsdal. Sagt med andre ord: Basert på masse tal og statistikk freistar SSB å seie noko om framtida i Møre og Romsdal.
Sjefsøkonomen kan melde om at det går framover. Det er vekst. Og det vil vekse meir framover. Dette gjeld både industri, privat tenesteyting og offentleg sektor. I tillegg vil arbeidsmarknaden vere stramt (gode tider for dei som leitar etter jobb).
- Vi skrapar botnen av arbeidsmarknaden. No er det verkeleg naudsynt med kvalifisert arbeidskraft, arbeidskraft med god udanning og høg kunnskap, seier Furre.
Men pass på! Vi har mykje lån og høgt forbruk. Kan hende den einskilde av oss vil bli flinkare til å spare pengar.
På spørsmål frå salen seier Furre at den største utfordringa for 2008 blir å halde på ungdommen og skaffe arbeidskraft. Det må i tillegg komme fleire utanfrå.
Kl. 10.22
Kultur, identitet og næringsutvikling
No skal Lasse Bræin, forsker og daglig leder Møreforsking Molde, snakke om kulturen kan bidra til identitet og fungere som grunnlag for næringsutvikling.
Og sjølv om dette var veldig vanskelig sagt - så er dere unge alle storforbrukarar av kultur. Og kultur er viktig for at dere trivst og kanskje vil busette dere i fylket i framtida.
Det føregår er ein kamp om tida vår. Film, tv og Internett held oss heime og vil at vi skal bruke tida der. Men korleis skal andre lokale kulturtilbod ta merksemda vår og få oss til å bruke tid på dette?
Med relativt små byar og berre mindre kulturinstitusjonar får fylket relativt lite av den statlege kulturfinansieringa. Kanskje Møre og Romsdal burde bygge opp nokre store kulturinstitusjonar som kan trekke fleire midlar og skape betre kulturmiljø? To store og dyre fotballstadion har i dag ført til to eliteserielag med medfølgjande fotballmiljø. Kan slike store investeringar hjelpe andre kulturar?
Kl. 10.55
Nydelig musikk av Anita Valderhaug no. Nettsjefen set seg godt attende i stolen for å nyte kulturen.
Kl. 11.26
Etter ein kjapp kopp kaffi er vi no klare for sjefen sjølv. Mannen som sit i Noregs mektigaste økonomiske posisjon; sentralbanksjef Svein Gjedrem. Han skal orientere om dei økonomiske utsiktene. Alle som er glade i pengar gledar seg som små ungar.
Kl. 11.50
Gjedrem opnar med å takke for at han kunne komme til den delen av landet der verdiskapinga skjer. Vidare går han gjennom den økonomiske utviklinga dei siste tjue åra. Gjedrem understrekar den låge arbeidsløya i fylket. Møre og Romsdal har i dag ein arbeidsløyse på 1,1 prosent. 15 kommunar har ei arbeidsløyse på under 1 prosent!
For vår region trur Norges Bank på fortsatt vekst og høgt aktivitetsnivå, men at det kan stoppe litt opp for enkelte næringar på grunn av mangel på arbeidskraft. I tillegg vil prisveksten auke. Ting blir dyrare.
Sjølv om det er gode tider aukar ikkje inntektene like mykje og i tillegg har vi mykje gjeld. Mange husholdningar har i dag for stor gjeld i forhold til inntekt.
Mange trur kanskje at Svein Gjedrem er ein "kjedeleg økonom", men eg kan love at han har komme med eit par veldig morosame kommentarar her som har fått den elles muse stille salen til å humre og le.
Kl. 12.05
Elevar frå vidaregåande er oppdaga på Mørekonferansen. I følgje deltakarlista er det elevrepresentantar frå Spjelkavik og Ålesund vgs. Nettsjefen vil oppsøke dei i lunsjen for å finne ut kva dei gjer her og kva dei synst så langt om konferansen.
Kl. 13.15
Etter ein kjapp, men absolutt betre lunsj, er konferansen i gang att. På scenen står Fantasiminister Hans Christian Medlien frå Lucky Næroset. Han er kjent for å halde kreative og inspirerande innlegg. Han er også tårnherre i de utenkte tankers tårn, forfattar, revyartist og gründer. Hans universalverkemiddel er humor, fantasi, galskap og mot.
Kl. 14.00
Og det gjorde Medlien frå Luck Næroset. Han var inspirerande altså. Inspirerande innlegg/forstillingar kan ein ikkje skrive om. Så det så.
Kl. 14.05
Etter ein privat luftepause kjem eg inn att i salen og forskar ved Møreforsking Volda Else Ragni Yttredal er godt i gang med å snakke om natur og friluftsliv kan danne grunnlag for næringsutvikling. Eg lyttar.
Kl. 14.20
Og det er klart at ein kan bruke naturen og friluftslivet for å etablere seg, opprette arbeidsplassar og kanskje på lang sikt tene seg rike. Ein ting er turisme, men ein kan også bruke naturen når ein skal selje (lokale-)produk. I marknadsføring snakkar ein ofte om historieforteljing (story telling). Her kan naturen bidra med mykje godt.
Meir musikk frå Anita Valderhaug no. Passar perfekt no som vi ser helga der framme.
Eg snakka litt med nokre gutar frå Spjelkavik vidaregåande i stad. Dei tek samfunnsøkonomi og det er vel det som er hovudgrunnen til at dei er her i dag. Eg lurte på kva dei synst og alle fire nikka ivrig og sa dei likte seg på konferanse. Dei hadde ikkje skjønt alle vitsane til Gjedrem, men sånn generelt like dei det dei høyre.
Kl. 14.58
Tettstadprogrammet presenterar seg no. Gjennom dette programmet har dei blant anna rusta opp miljøgata i Tingvoll.
- No kan eg faktisk invitere folk på sommarferie hit, eg er stolt av staden, seier ein innbyggar frå Tingvoll.
Kl. 15.10
No presenterar ungdomsbedrifta Eleptic seg. Dei har designa ein fleirfunksjonell puff som snart er i sal. I 2007 vant dei NM i beste ungdomsbedrift. Ungdomsbedrift er ein del av Ungt entreprenørskap.
Kl. 15.15
Heilt til slutt no skal Knut Feldmann frå Subsea7 snakke om kvifor Møre og Romsdal er attraktiv for ein verdsomspennande høgteknologisk bedrift.
Subsea7 viser at fylket vårt er godt egna for store bedrifter. Dei skal no bygge ein stor spolebase på Vigra. Grunnen til dette er plasseringa langs kysten, i ly for sjø og vær. I tillegg er det gode muligheiter for kommunikasjon og logistikk samt tilgjengelig teknologi på Sunnmøre. I arbeidet med å få på plass spolebasen brukte Subsea7 blant anna eit arkitektkontor frå Ålesund.
Det er mulig å satse stort i Møre og Romsdal. Og med god utdanning og kunnskap får ein lett jobb også.



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
3 desember, 2007
18.51