Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

ØRESUS

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
13. jan 2009, kl. 09.22

Det blir ØRESUS-konkurranse på RaumaRock i 2009 også.

Øresus-konkurransen gir alle band/artistar som vil, ein sjanse til å spele på RaumaRock ’09. RaumaRock ønskjer at ukjente band skal få sjansen til å spele på ein stor scene, med eit profesjonelt apparat og ikkje minst for eit større publikum.

Alle band/artistar som ønskjer å delta sender 1 låt i mp3 format til frode@raumarock.com.

RaumaRock plukkar ut opptil 25 av dei innsendte låtane som blir lagt ut på www.raumarock.com for nedlasting og avstemming.

 

I 2008 fekk Øresus inn 6000 unike stemmer til nesten 80 band/artistar frå heile landet.

Dei 5 banda/artistane med flest stemmer får alle spele på festivalen fredag 07.08.09. Der plukkar ein uavhengig jury ut ein vinner, som får spele rett før headlineren(e) på hovudscenen laurdag. Vinnaren får også ein flott premie.

 

Låtane som vil være med må være oss i hende innan 15.02.09.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord