Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Nye elevkort med nye tenester

Vidar Ryther Myklebust
Skrive av Vidar Ryther Myklebust
18. feb 2009, kl. 10.07

Dei nye ID-korta for elevane sendes no ut til skolane. Nytt i år er at korta er grunnlaget for eit heilt nytt utskriftssystem.

Når ein set i gang ei utskrift kan ein gå til den skrivaren ein ønskjer å ta utskrifta på, og dra elevkortet på ein kortlesar som er kopla på skrivaren. Dermed blir utskrifta sett i gong når du sjølv står ved skrivaren. Det er faktisk mogeleg å ta utskrifta på ein annan skole enn ein sendte utskriftsjobben frå.

Det skal vere relativt enkelt å installere dei nødvendige komponentane, og dei fleste skrivarane vil venteleg alt kunne nyttast. Det blir laga rettleiingar for installasjon av såkalla "drivarar" på dei berbare PC-ane, som blir tilgjengeleg via Ungweb.no.

Elevane vil få kvoter med ark, og ein kan følgje med på kvotane via Ungweb. Elevkorta er lagt til rette for å kunne gi rabattar på kulturarrangement og reiser, og det er eit mål at dette kortet på sikt kan fungere som bibliotekskort.

Elevkort
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 7
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Dagfinn Grønvik
Dagfinn Grønvik
12 mars, 2009
08.40
Ja, alle elever på de videregående skolene får elevkort. De blir sendt ut i disse dager.
Ingrid Kvammen
Ingrid Kvammen
10 mars, 2009
13.44
Skal alle videregående skoler fått/skal få elevkort?
tagcloud ikon

Populære emneord