Nytt
Nye UNGweb klar for testing
21. juli 2008, kl. 11.56
Denne våren har vi jobba med ei utbetring av UNGweb. Nye UNGweb skal publiserast til skulestart i august og vil få eit kraftig ansiktløft og ein god del nye funksjonar. No kan du sjå og teste dei nye sidene før dei endeleg blir publisert.
Gå inn på ungtest.mrfylke.no og ta deg ein kikk rundt. Du kan bruke brukarnamn og passord frå eksisterande UNGweb, eller prøve å registrer deg. Det er endå ein del manglar som ikkje er på plass, men i det store og heile skal sida vere klar for testing.
Sjekk spesielt ut Min side (må bruke brukarnamn/passord). Her får du tilgang til ei arbeidsflate der du sjølv bestemmer kva for småprogram (widget, applikasjonar) du ønskjer å få tilgang til. Du har allereie tilgang til nokre småprogram og framover vil det dukke opp ein god del til. Du kan sjølv dra småprogramma rundt på arbeidsflate og plassere dei der du sjølv ønskjer, eller berre fjerne dei og legge til andre.
Vi tek imot alt av tilbakemeldingar slik at sidene blir så gode som råd til skulestart. Du kan til dømes nytte deg av forumet. Eller berre bruke alle kommentarfelta.


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)