Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Ny rektor ved Volda vidaregåande skole

Trond Hjelseth (44) er tilsett som rektor ved Volda vidaregåande skule, og tek til i stillinga 01.10.10.

Volda vidaregåande skule er ein spennande arbeidsplass der det skjer mykje for tida. Å få vere med å vidareutvikle skulen saman med dyktige tilsette og engasjerte elevar er noko eg ser fram til! Skulen ligg i ein region med eit spennande næringsliv og eit sterkt høgskulemiljø. Å få knytte skulen tettare opp mot desse miljøa er ei av fleire sentrale utfordringar det skal bli kjekt å ta tak i. Dette vert både utfordrande og spennande, seier Trond Hjelseth.

Hjelseth er lektor med hovudfag i statsvitenskap og pedagogisk utdanning frå Universitetet i Oslo, grunnfag i historie frå høgskolen i Volda og utdanning i økonomiske og administrative fag frå høgskolen i Molde.

Trond Hjelseth starta si yrkeskarriere med undervisningsstilling ved Volda vidaregåande skule i 1991. Frå 1994 til 2001 var han økonomi- og personalsjef i Studentsamskipnaden for Sunnmøre og frå 2001 har han hatt forskjellige leiande stillingar i Sparebank 1 søre Sunnmøre.

Hjelseth er no økonomisjef i Sparebank 1 søre Sunnmøre og han vil starte opp i stilling som rektor ved Volda vidaregåande skule 01.10.10.

Kontaktpersonar:

Per Hoem – fylkesutdanningsdirektør, mob. 950 65 597

Trond Hjelseth, mob. 982 87 840

Skrevet av: Vidar Ryther Myklebust Publisert: 02.07.10
Oppdatert: 02.07.10

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord