Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Ny nettlesar peikar framover

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
03. sep 2008, kl. 08.15

I natt slapp endeleg Google sin nettlesar Chrome. Chrome går direkte i konkurranse med Explorer og Firefox, samtidig som den peikar framover.

Google seier at Chrome er bygd for å betre kunne handtere dei mange nye og kraftige applikasjonane (webprogram) som stadig dukkar opp på veven. Gode dømer på sånne applikasjonar er Gmail, Google Docs, Zoho, ThinkFree office.

 

Dei neste åra vil vi i mindre grad bruke dataprogram som er lagra og drive av sjølve datamaskina, men gå over til program (applikasjonar) som er levert over nettet. Dette vil gjere operativsystem mykje mindre sentrale.

 

UNGweb er også utvikla med tanke på at nettet i større grad tilbyr applikasjonar. På Min side kan brukarane samle og organisere eigne småprogram. Vi kan blant anna tilby ein Google-widget som inneheld alle Google sin produkt.

 

I tillegg kan du ta med deg UNGweb der du er – som til dømes netvibes, igoogle, Windows Visa, Opera, Mac Dashboard.

 

 

Kva er Google Docs?

Google Docs er samlenamnet på Google sin programvarepakke som inneheld

  • Teksprogram som Word
  • Rekneark
  • Presentasjonsprogram

Det beste med dette er at det er gratis, du lagrar filene på nett og det er alltid tilgjengelig – sjølv når du ikkje er på nett (les meir om Google Gears).

 

Kanskje det vart litt mykje Google i denne artikkelen, men når ein webgigant som Google hoppar bør ein følge godt med for det vil høgst sansynleg påverke veven.

 

Google Chrome
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Mari Kolerud Selnes
Mari Kolerud Selnes
15 september, 2008
13.56
eg tykkjer at mozilla firefox er bra
Hallvard Lavoll
Hallvard Lavoll
10 september, 2008
08.00
Dei flest hurtigtastane fungerar på dei fleste nettlesarar.

* (berre Chrome) Ctrl+B viser/skjuler bokmerkelinja øvst.
* (berre Chrome) Shift+Esc opnar ein oversikt over opne faner (Task Manager).
* Ctrl+L flytter markøren til adresselinja.
* Ctrl+K flytter markøren til adresselinja for å gjere Google søk.
* Ctrl+T opnar ei ny fane.
* Ctrl+N opnar eit nytt vindauge.
* Ctrl+Shift+T opnar den siste fana som vart lukka.
* (berre Chrome) Ctrl+Shift+N opnar nytt vindauga i privat modus (Incognito Mode).
* Ctrl+Tab veksla mellom faner. Ctrl+Shift+Tab vekslar den andre vegen gjennom faner.
* Ctrl+W avsluttar fana som blir vist.
* Ctrl+R oppdaterar den gjeldane sida.
Roar Hide Klausen
Roar Hide Klausen
9 september, 2008
14.25
Nesten hakket skumlere enn facebook med tanke på opphav- og bruksrett til eget materiale?

Nei, hipp hurray for Firefox!=)
Kjell Ove Bjørge
Kjell Ove Bjørge
9 september, 2008
14.25
Oj, sjå kua...
Kristine Sandnes
Kristine Sandnes
4 september, 2008
14.29
enige der mimi. ;)
m h
m h
4 september, 2008
14.24
trur eg hålle mg t firefox eg..
Hallvard Lavoll
Hallvard Lavoll
3 september, 2008
21.54
Dette er eg på ingen måte noko ekspert på, men kom over denne bloggen som skriv om avtaleverket til Google: http://www.readwriteweb.com/archives/does_google_have_rights_to_all.php

Viser seg at same ordlyden vart brukt for eit år sidan når dei slapp Google docs og at Google den gong hadde ein rimelig god forklaring på det heile (sjå lenka over).

No er det klart at Google har sinnsjukt mykje informasjon om oss og surfevanane våre. Vi har nesten ikkje noko anna val enn å stole på at dei brukar informasjonen til å lage gode produkt til oss.

På same måte som Google ønskjer informasjon om bruken av deira verktøy "eig" Microsift alt som blir sagt over MSN-tenesta. Så lenge vi oppfører oss på nettet trur eg dette skal gå bra, kanskje litt naiv men har ikkje mange andre val om eg vil vere med på denne moroa.
Jørn Ræstad
Jørn Ræstad
3 september, 2008
13.54
For å kunne laste ned Google Chrome, må du godkjenne deres villkår, og et av dem er at de eier ->ALT<- hva du skriver inn...
du kan lese selv (punkt 11):
http://www.google.com/chrome/eula.html?hl=en&brand=CHMB&utm_campaign=en&utm_source=en-ha-na-us-sk&utm_medium=ha&utm_term=chrome
kilde:
http://www.dinside.no/data/programvare/internett/nettlesere/vent+na+litt%2C+google+.../art784888.html
Fredric Holen Bjørdal
Fredric Holen Bjørdal
3 september, 2008
08.27
Verkeleg stilrein og fin nettlesar!
tagcloud ikon

Populære emneord