Nytt
Kven har fått pengar frå Ungdomspanelet?
24. april 2009, kl. 14.29
Ungdomspanelet delte tysdag ut kr 125.000,- til ungdomsprosjekter i fylket
Fra 20. - 22. april hadde Ungdomspanelet møte på Union Hotel i Geiranger. Ein av dei større sakene var utdeling av ungdomsmidlane. To gonger i året delar Ungdomspanelet ut kr 125.000.- til aktivitetar som stimulerar til ungdomsengasjement i fylket.
Denne gongen støtta Ungdomspanelet fleire arrangementer, oppussing av lokaler og innkjøp av blant anna motorcrossykkel, bassgitar, forsterkarar, turnmatter og mykje meir.
Her er den komplette lista over dei som fekk tildelt Ungdomsmidlar våren 2009:
- Molde rytterklubb frå Molde har fått 16.500 kr i til leige av ekstern trenar i dressur/sprang for klubbens unge ryttarar.
- Molde Taekwon-Do klubb fått 10.000 kr i støtte til turnmatte.
- Tisket Tasket frå Midsund har fått 15.000 kr i støtte til kjøp av bassgitar og to forsterkarar.
- Ungdomsrådet i Ulstein kommune har fått 10.000 kr i støtte til ungdomsarrangement under årets Ulsteindagar.
- Innselset grendahus frå Volda har fått 4.000 kr i støtte til kjøp av golvmatter til trimrom.
- Ungdområdet i Norddal har fått 8.000 kr i støtte til Aktivitetsdag for Indre Sunnmøre.
- 5. Ålesund Roverlag 7 500 kr i støtte til kjøp av lavo.
- Dakruko, Dalsfjord Kristelege ungdoms kor, frå Volda har fått 5.000 kr til å kjøpe prosjektor, playstation , airhockey, brettspill, mm.
- Stordal Ungdomsklubb har fått 8.000 kr til interkommunalt ungdomstreff.
- Tingvoll MC-klubb har fått 18.000 kr til innkjøp av motorcrossykkel til utlån for barn/unge.
- Adventura/IUF frå Ulsteinvik har fått 15.000 kr i støtte til oppussing av ungdomslokale.
- Vestnes Musikkverksted har fått 3.000 kr i støtte til design og trykk av plakater til ungdomsarrangementet "Band Slam".
- Alternativ Russ i Rauma - RRK har fått 5.000 kr i støtte til leie av lokaler, T-skjorter og blomster.
Har du eit prosjekt og treng pengar? Husk ny runde med utdeling av ungdomsmidlar til høsten!



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)