Nytt
Kva jobb har eg, og kvar jobbar eg i Møre og Romsdal om 10 år?
10. des 2007, kl. 17.21
Vatne ungdomsskule og Gursken oppvekstsenter vann karrierekonkurransen.
Under karrierettleiingsdagane for alle 10. klassar i haust vart det arrangert ein større skrive- og presentasjonskonkurranse. 3 100 deltakande elevar kunne svare på ”Kva jobb har eg, og kvar jobbar eg i Møre og Romsdal om 10 år?”
Dei framsynte vinnarane, Preben Storsten, Vanessa Solheim og Trine Myklebust, tok imot 1. premien under Fylkestinget 10. desember. Premien vart overrekt av Torgeir Dahl – juryleiar og leiar av utdanningsutvalet i fylket .
Dei heldige vinnarane får ta med klassen på besøk i lydstudioet til gruppa ”The Margarets”. Dei held til i Giske, og skal i studio i løpet av våren. I studioet skal dei vise korleis dei jobbar, korleis dei tenkjer og kva som inspirerer dei. Etterpå får heile klassen eit nydelig måltid på Hellarstova gjestegard.
Andrepremien, som går til Gursken Oppvekstsenter, er ein fysisk aktivitetsdag i regi av "seksjon fysisk aktivitet" hos Møre og Romsdal fylke. Klassen kan velje enten steinalderundervisning, kajakkpadling, tauaktivitetar/klatring, jakt og fiske eller læring i friluft.
Juryen som har lese gjennom alle svara og komme fram til ein vinnar har vore:
Torgeir Dahl – juryleiar og leier av utdanningsutvalet i fylket
Else-May Botten - LO
Hege Newth - Bjørnsonfestivalen
Per Hoem - Fylkesutdanningsdirektør
Erik Husby – NAV
|
Vinnarane:
|
|
|
PowerPoint- framstilling:
|
Skriftleg framstilling:
|
|
1 Preben Storsten og Vanessa Solheim
|
1 Trine Myklebust
|
|
Vatne Ungdomsskole
|
Gursken Oppvekstsenter
|
|
2 Marte Skarmyr Gjerde
|
2 Trine-Lise A. Vik
|
|
Gursken Oppvekstsenter
|
Gursken Oppvekstsenter
|
|
3 Hildegunn B. Sørstrand
|
3 Birgitte Storgjerd Bleie
|
|
Bakkemyra skole
|
Gursken Oppvekstsenter
|
|
4 Helen Grøtt og Nathalia Vatnehol
|
4 Anna Elise Emblem
|
|
Vatne Ungdomsskole
|
Møre Ungdomsskole, Ålesund
|
|
5 Ivar Kragseth
|
|
|
Gursken Oppvekstsenter
|
|



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)