Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Kva gjorde du i haustferien?

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
10. okt 2008, kl. 12.38

Haustferien er over og kvardagen bankar på døra og vil inn. Kva har du brukt tida på den siste veka? Dank, ferie, jobb? – eller kanskje plukka poteter som var den eigentlege tanken….

Bruk kommentarfeltet under og fortel oss, og dei andre, kva du gjorde i haustferien. Har du bra bilete kan du sende dei til nettsjef@ungweb.no og så blir dei publisert i denne artikkelen.

Det beste bilete vinner, sjølvsagt, ein 1kg med poteter.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: -2
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Anders Salen Aarseth
Anders Salen Aarseth
15 oktober, 2008
10.23
Går HS3 VG1 og har jobbet i barnehage heile ferien^^

Tatt livet med ro og søve til longt på dag i helgene ;)

Så det skjedde ganske lite i ferien min :P

Dokke da folkens? :P

Anders HS3 VG1 ^^
Adrian Skjåstad Vassbotn
Adrian Skjåstad Vassbotn
13 oktober, 2008
11.01
Den gode gamle potetferien kom brått på i år, men det var godt! Planen for ferien var å gjere litt skulearbeid tidleg i veka, for so å kose seg resten. Det var tanken, og det vart med den. Mandag kom, tysdag kom, onsdag kom, til og med torsdag kom før leksene vart påbegyndt. Men det høyrer til seinare i historia.
Mykje av potetferien vart ikkje brukt til å sette eller plukke poteter, men til å bli løsemiddelskada. Det har seg slik at eg har ein kompis som har ein scooter, som han likar å gjere ting på. Det passar då fint for han at eg er glad i å skrue og mekke, for han hadde store planar for scooteren.
Vi har pussa, lakka, montert og styra med mykje rart. Ekstralys vart montert, felgane vart lakka kvite, rust vart fjerna, andre delar vart lakka osv. Travelt kan ein seie, men det er både sosialt og artig! Det er dog ikkje det eg hadde planlagt å gjere i ferien, men men. Eg er jo av dei som tenker maks ein dag fram i tid.

Men ja, so var det dei berykta leksene. Som det står i den reklamefrie skuledagboka: (sjølvsagt fritt sitert etter den dårlige hukomelsen) "Lekser som blir utsatt til ferien, blir gjerne utsatt til etter ferien" Nøyaktig slik vart det ikkje da.. ca halvparten som eg skulle gjere i ferien, vart utsatt til etter ferien.. Det er jo ei god løysing tykjer eg no, men vi får sjå når eg sitt å gjer lekse og vegrar meg over det eg må gjere.

Har forresten også drukket eit glas med julebrus i ferien, allereide. Pepperkakene er også ute i hylla. Difor tykjer eg det er rettferdig å ønske dykk GOD JUL =o)
tagcloud ikon

Populære emneord