Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Ivar Rød ny rektor på Romsdal vidaregående

Ivar Rød (45) er tilsett som rektor ved Romsdal videregående skole, og tek til i stillinga umiddelbart.

Å bli rektor ved Romsdal videregående skole er ei oppgåve eg er både stolt og audmjuk over, seier Ivar Rød. Som rektor skal han leie ein skole der 1000 menneske har kvardagen sin, spreidd med undervisning både i Langmyrvegen, på Nesjestranda, Bergmo, gamle sjukepleieskolen i Molde og ved Hustad fengsel.

- Eg har arbeidd ved skolen i snart tre år som assisterande rektor, og fått god innsikt i og stor respekt for den fantastiske jobben dei tilsette og elevane gjer. Romsdal videregående skole har eit breitt fagtilbod, og gjennom dei to siste åra har vi arbeidd målretta med å byggje ein felles identitet og plattform på tvers av fag og avdelingar.

- Dette arbeidet har vore inspirerande og gjer at eg kjenner meg trygg på at vi kan vidareutvikle skolen til ein solid og god læringsarena. Frå hausten skal vi ta til i eit stort nasjonalt utviklingsprosjekt ”Betre læringsmiljø” i regi av Utdanningsdirektoratet, eit arbeid eg ser fram til, avsluttar Rød.

Rød var utdanna som adjunkt ved Høgskolen i Volda i 1989. Han har seinare gjennomført vidareutdanning innafor m.a. IKT, offentleg forvaltning og offentleg rett, og er no i gang med mastergrad i skoleleiing. Han har leiarutdanning frå forsvaret og har vore områdesjef i Aukra, Midsund og Sandøy. Han har òg vore stabsoffiser i Molde heimevernsområde.

Ivar Rød har hatt stillingar knytt til skole og utdanning i 20 år, først i undervisningsstilling i Aukra kommune og seinare som rådgivar ved Statens utdanningskontor og utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Han vart tilsett i stilling som assisterande rektor ved Romsdal videregående skole hausten 2007. Frå november 2009 har han vore konstituert i stilling som rektor ved skolen.

Kontaktpersonar:

Per Hoem – fylkesutdanningsdirektør, mob. 950 65 597

Ivar Rød , mob. 990 90 108

Foto frå mrfylke.no
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 3
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord