Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Invitasjon til dagssamling for 2.-årslærlingar i Møre og Romsdal

Anne Berit Svenkerud Halle
Skrive av Anne Berit Svenkerud Halle
13. april 2010, kl. 14.10

Det blir arrangert dagsamlingar i Molde, Kristiansund og Ålesund for lærlingar som er inne i sitt 2. opplæringsår i bedrift. Desse samlingane vert arrangert i eit samarbeid mellom elev- og lærlingombodet, utdanningsavdelinga, LO sin faglege ungdomssekretær og Skatteetaten.

Samlingane vert arrangert her:

  • 03.05.10. Ålesund (det lille auditoriet ved kantina på Borgund vgs)
  • 04.05.10. Molde (auditoriet på Romsdal vgs)
  • 05.05.10. Kristiansund (auditoriet i Braattlahhen på Kristiansund vgs)

Program:

09.30. Registrering

10.00. Velkommen og praktisk informasjon om samlinga

10.30. Om fagprøva – reglar og praktiske tips

11.30. Om ungdom, skatt og ”svart arbeid”

12.30. Lunsj

13.15. Rettar og plikter i arbeidslivet og tips til jobbsøking

15.00. Evaluering og spørjeundersøking

15.30. Slutt

På samlinga vil du få vite mange ting som du får bruk for vidare. Du vil få opplysningar og råd om korleis fagprøva blir gjennomført, du vil få vite om rettar og plikter i arbeidslivet og gode tips til jobbsøking.

Påmelding gjennom heimesidene til Møre og Romsdal fylke: www.mrfylke.no. Påmelding finn du under ”Kva skjer?” på heimesida. Her kan du melde deg på den staden som høver best for deg. Vi ber deg fylle ut alle opplysningane så langt det er råd.

Frist for påmelding er 26. april 2010.

Spørsmål kan rettas til elev- og lærlingombod, Monica Molvær,

på e-post: monica.molvaer@mrfylke.no eller mobil 975 01 202.

Med helsing    
   
Inger Anita Sjømæling     Monica Molvær
seksjonsleiar     Elev og Lærlingeombod
         
Medarrangør, Monica Molvær, elev og lærlinombodet
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: -3
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord