Nytt
Interkommunalt ungdomstreff i Stordalshallen
02. april 2008, kl. 08.42
Laurdag den 19. april inviterer Stordal Ungdomsklubb og ”God Helse – Stordal” ungdom frå kommunane: Haram, Norddal, Skodje, Stranda ,Vestnes, Sykkylven og Ørskog, til interkommunalt ungdomstreff i Stordalshallen.
Arrangementet startar kl. 15.00 laurdag den 19. april og sluttar kl. 12.00, søndag den 20. april. Det er ungdom i alderen frå og med 8. klasse og opp til 20 år, som vert invitert. Arrangementet er sjølvsagt rusfritt!
Ungdomane kan då vere med på ei rad ulike aktivitetar, som til dømes
- innandørsklatring
- ”team-track”
- trampolinehopping
- skyting med salonggevær
- bordtennis m.m.
Dugande instruktørar frå klatreklubben, trampolinegruppa og Stordal skyttarlag vil vere på plass. Vi vil også arrangere ”sumo-show”, ”open scene” og i tillegg vert det eigen nattcup i fotball! For dei som likar dataspel av ulikt slag (t.d. playstation, ”singstar”, ”gitar hero” o.l.) kan vi også nemne at det vert lagt til rette for dette i grendasalen. Obs! Storskjerm og skikkeleg lyd! Det er også delar av Stordalshallen, der ein kan trekkje seg litt attende og småprate litt, eller leite fram gitaren sin…..
Det vert altså så mange ulike aktivtitetar at treffet verkeleg bør slå an blant alle
Det vert også open kiosk/kafe under heile arrangementet. Der vil vi selge baguettar, pizza, pølser m.m.
OVERNATTING
Det vert høve til overnatting på flatseng i tilviste soner i Stordalshallen . Dei som ikkje er natteramnar kan overnatte på skytebana som ligg meir avskjerma. Deltakarane tek med soveposer og liggeunderlag. Dersom grupper har med vaksne leiarar har desse leiarane høve til å overnatte i eigen sovesal. Vaksne foreldrevakter vi syte for ro og orden, og gå brannvakt. Stordalshallen har elles også brannvarslingsanlegg.
Tidlegare har det vist seg å vere særs populært med ungdomstreff i Stordalshallen og når ein no vel å utvide til også å tilby overnatting er det grunn til både å tru og håpe at responsen vert endå betre. Vi vil i alle fall gjere alt vi kan for at dei unge skal få ei flott oppleving i Stordal denne helga.
Det er sjølvsagt nulltoleranse for alkohol og rus!
PÅMELDING OG PRIS
Påmeldingsfristen er tysdag 15.april, men det kan løne seg å vere tidleg ute. Kapasiteten er ikkje ubegrensa.
Du kan velge om du vil vere med på heile eller deler av arrangementet :
- Fri tilgang til alle aktivitetar under heile arrangementet,inkl. overnatting og frokost kr. 250,-
- Fri tilgang til alle aktivitetar frå kl. 15.00 til kl. 01.00 : kr. 150,-
- Overnatting og fri tilgang til aktivitetar frå kl. 22.00 laurdagskvelden inkl. frukost søndags morgen : kr. 150,-
Med unntak av felles frukost søndag må deltakarane sjølve halde seg med mat. Det vert open kiosk i Stordalshallen der ein har høve til å kjøpe dette.
Skriv påmelding i emnefeltet og send påmeldinga til : ungdomsklubben@stordal.kommune.no
Skriv namn, adresse, alder og om du skal delta på heile eller deler av arrangementet.
( Alternativ 1, 2, eller 3 )
Deltakarar under 18 år må opphalde seg i og ved Stordalshallen etter kl. 22.00 dersom dei har meldt seg på arrangementet.
FORELØPIG PROGRAM ( Vil verte oppdatert seinare)
kl. 15.00 : Aktivitetar i Stordalshallen
Team Track, Trampoline, Klatring, Miniatyrskyting m.m
Sumo-bryting. Høve til å trene seg opp til kveldens turnering!
kl. 18.00 : Bli kjent aktivitetar v/ Ida og Jenny
kl. 18.30 : Open scene ( Påmelding sjå nedanfor )
Kl. 20.00 : Sumo-Show. Turnering !
Kl. 23.00 : Nattcup i fotball. ( Påmelding sjå nedanfor)
Air-hockey, bordtennis og aktivitetar som Play-station på storskjerm
( Buzz, gitar – Hero, singstar.)
Kl. 10.00 : Felles frokost
Kl. 12.00: Slutt
PÅMELDING TIL NATTCUP I FOTBALL
Frå kl. 23.00 vert det nattcup i fotball for 5’er lag.
Klasser :
- Gutar 8. klasse t.o.m 16 år
- Gutar 16 år - 20 år
- Jenter 8. klasse t.o.m 16 år
- Jenter 16 år - 20 år
Det vert premiering av beste lag i kvar klasse og ”fair-play” pris. Du kan melde på lag ved å sende E-post til: ungdomsklubben@stordal.kommune.no
Skriv påmelding av lag i emnefeltet. Oppgi namn og fødselsår på alle som er med på laget. Påmeldingsfrist er tysdag 15.04.08.
Du kan melde deg på nattcup sjølv om du i utgangspunktet ikkje har lag å spele på. Vi vil sette saman interkommunale lag for dei som melder seg på individuelt.
For individuell påmelding til nattcup: send e-post til ungdomsklubben@stordal.kommune.no
PÅMELDING TIL OPEN SCENE
Frå ca. kl. 18.30 – 20.00 vert det open scene i grendasalen, og vi håper at band/musikarar vil melde seg på ved å sende E-post til : ungdomsklubben@stordal.kommune.no
Påmeldingsfristen er sett til fredag 11.04.08.


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)