Nytt
Høg deltaking ved skolevala i Møre og Romsdal
09. sep 2009, kl. 14.49
Møre og Romsdal går fram medan landet elles går tilbake i valdeltaking for skolevala 2009.
Det viser tal frå Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste.
Valdeltaklinga var på 83,7 prosent for skolane i Møre og Romsdal, for heile landet var deltakinga 76,9 prosent. Også i forhold til førre stortingsval aukar skolevaldeltakinga i Møre og Romsdal. Ved skulevalet i 2005 var deltakinga på 82,1 prosent.
Det er gledelig at deltakinga aukar i Møre og Romsdal. Det kan sjå ut som om det politiske engasjementet blant ungdommen har auka, seier rådgivar Kristin Glæstad Vonheim ved utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke.
Vonheim har arbeida i prosjektgruppa til prosjektet Demokrati 09, ei omfattande netteneste på Ungweb retta mot ungdom i dei vidaregåande skolane i fylket. Prosjektet har som målsetting å auke den politiske deltakinga hos ungdom.
Vi skal vere forsiktige med å trekke for mange bastante konklusjonar på bakgrunn av desse tala, men Demokrati 09 har medverka til at det er blitt satt meir fokus på politisk debatt i skolane. Kanskje er aukinga i skolevaldeltakinga eit resultat av det. Men svaret på om vi har lukkast med Demokrati 09 får vi når vi ser valdeltakinga ved stortingsvalet, seier Vonheim.
Sjå tala for fylket her:
og her finn du tala for resten av landet:


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)