Nytt
Held flyten i olje og gass
01. des 2008, kl. 14.20
Kari Hoff Molvik (26) er utdanna bachelor i petroleumslogistikk, og er ein av mange som bidreg til at materialflyten på forsyningsbasen til StatoilHydro på Vestbase fungerer bra.
Tekst og foto: Ingrid Kvande
Artikkelen er henta frå SPOR 5 - 2008 (pdf)
Kari Hoff Molvik er for tida trainee hos StatoilHydro, ei av verksemdene på forsyningsbasen Vestbase i Kristiansund. Etter vidaregåande jobba Kari Hoff Molvik på eit laksepakkeri i Lovund. Det var under dette ”tenkjeåret” ho fann ut at ho gjerne ville arbeide med logistikk. Ho såg at materialflyt var avgjerande for effektiv drift. Men at valet fall på petroleumslogistikk var meir tilfeldig:
– I studiekatalogen frå Høgskolen i Molde såg eg eit tilbod om petroleumslogistikk, med studiestad på Høgskolesenteret i Kristiansund.
– Hm, studiar i Kristiansund? – Interessant. – Petroleumslogistikk? – Spanande, tenkte helgelandsjenta.
HMS står hjartet aller nærast
Ein skilnad frå vanleg logistikk er at ein i petroleumslogistikk legg ekstra vekt på HMS.
– I oljebransjen er det svært stort fokus på
HMS, og dette var eit eige fag under studiet i petroleumslogistikk. Eg fekk stor interesse for HMS under studia, det har vore hjartebarnet mitt. Det gjer seg gjeldande på så mange måtar, til dømes under registrering og klarering av gods. Då er det viktig å syte for at dei som utfører ein jobb er sikre, og at dei ikkje risikerer å skade andre. HMS har påverka meg også privat. Skal eg ut og lufte hunden (som heiter Doppler, etter Erlend Loes romanfigur, og kjem frå Ålesund) har vi på oss refleksvestar begge to, og eg har bestandig plaster i huset, ler Molvik.
Haldningsskapande arbeid er også ein del av HMS – å tenkje konsekvensar av handlingane sine og vurdere kven som blir skadelidande. HMS er litt på sida av sjølve logistikken, men svært sentralt i olje- og gassbransjen, fortel Molvik entusiastisk.
Likar seg godt
Då ho starta studiet i petroleumslogistikk hadde ho aldri vore verken i Molde eller Kristiansund, men fann seg fort til rette.
– Eg likar nordmøringen svært godt, og då studia var over hadde eg ikkje lyst til verken å reise heim att eller nokon annan plass. Det har vore ei spanande tid i Kristiansund, til dømes budde eg på kaia i sentrum då dei bygde Storkaia brygge, og eg kunne følgje prosessen dag for dag – det er utruleg å tenkje på endringa som har skjedd i sentrum berre på få år.
Imponert over kollegaene
For den nyutdanna bacheloren i petroleumslogistikk passa det difor perfekt at det vart lyst ut trainee-stillingar hos StatoilHydro på Vestbase gjennom KOM trainee. – Eg var lukkeleg over å bli innkalla til intervju, og då eg fekk jobben var det starten på tre periodar á åtte månader der eg arbeider hos tre ulike bedrifter og kan hauste nyttig erfaring. Molvik er midt i den andre perioden no. – Mange andre som har studert petroleumslogistikk jobbar også på Vestbase, det er 3-4 stk berre her hos StatoilHydro, fortel Molvik. Ho er imponert over både petroleumsnæringa generelt og Vestbase spesielt. – Det er så mange flinke folk her. Den kranføraren der til dømes, seier Molvik og peikar på ei femti meter høg kran.
– Han sit og styrer krana med ein joystick heile dagen, og han må vere topp konsentrert heile tida for å gjere jobben korrekt, både til rett tid og for å unngå uhell.
Skrei og lever
Molvik trivest godt både blant dei andre traineeane og nordmøringane. Men ho pleier òg kontakten med sine nordnorske røter.
– Eg er nestleiar i Nordnorgeforeninga i Kristiansund, som har rundt 75 medlemer og ganske høg snittalder. Ein gong i året møtest vi og et skrei og lever. No før jul skal vi ha lefsebakekurs.
Etter jul er det igjen jobbskifte – då skal Hoff Molvik attende som trainee hos Vestbase AS.



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)