Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Gründerfinale

Vidar Ryther Myklebust
Skrive av Vidar Ryther Myklebust
06. okt 2008, kl. 14.12

-Veldig lærerikt.- Spennande. Gründercampen for ungdomsskolane i Molde vart ein suksess, skal ein tro deltakarane.

I alt 279 elevar frå Bekkevoll ungdomsskole, Bergmo ungdomsskole, Sekken oppvekstsenter og Skjevik barne- og ungdomsskole deltok. Elevane var delt inn i 58 grupper, og i fem dagar jobba gruppene med kvart sitt oppdrag dei hadde fått tildelt frå det lokale arbeids- og næringsliv.Fredag var det finale og alle gruppene fikk fem minuttar til å legge fram si løysing.

- Det har vore veldig lærerikt. Vi var usikre på kva dette var, men vi vart veldig positivt overraska og har fått god hjelp undervegs, seier Kristina Sørheim, frå Bergmo ungdomsskole, som saman med sin gruppe hadde oppgåve for Nordea.

Gründercamp er eit undervisningsopplegg for ungdomsskolen som er utarbeidd av Ungt Entreprenørskap. Formålet er at elevane skal bli kjent med lokalt arbeids -og næringsliv, og få kunnskap om ulike yrke og utdanningsløp,

- Elevane har forstått oppgåvene bra, og i framføringa har dei vist mykje fin kreativitet, seier daglig leiar for Ungt Entreprenørskap, Kirsten Aure. Aure meiner effekten av Gründercampen er veldig god på lengre sikt.

- Målet er at dette skal sette ungdommane i stand til å ta meir gjennomtenkte karriereval, og så er det målet at dei skal få så god kjennskap til muligheitene i det lokale arbeidsliv at dei velgjer å komme tilbake hit etter endt utdanning, seier Aure.

Fra venstre:Jonathan hauge hamrin, Karl Fredrik Folge Søresok, Ingvild Goksøyr og Kristina Sørheim.

Juryen bestod av Roar Lervik, Høgskolen i Molde, Finn Amundsen, Molde Kunnskapspark og Britt Wangberg, Sunkost Sentrum

 

Vinnarane:

Skjevik ungdomsskole: Oppdragsgivar: hoppid.no.

Gruppemedlemmer: Alexander, Isa, Emi, Niklas, Tommy

 

Bergmo ungdomsskole: Oppdragsgivar: RIR

Gruppemedlemmer: Marie Kristine, Sunniva, Sara Lisa og Margrethe.

 

Bekkevoll ungdomsskole: Oppdragsgivar: Glamox asa.

Gruppemedlemmer: Eva,Richard, Helene, Tommy, Kristian

 

Sekken hadde berre ei gruppe ved skolen, og stilte utanfor konkurranse.

 

De fire beste gruppene frå kvar skole møtast i ein kommunefinale 20 oktober.

For meir informasjon:

  • Kirsten Aure,Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, tlf 97733156
  • Sissel Tegelsrud Kolstad,Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, tlf 95 06 55 24
Elever frå Sekken
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord