Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Foppal, ulykker og politikk - kva meiner du medium burde fokusere på?

Ramon J. Karadash
Skrive av Ramon J. Karadash
25. feb 2008, kl. 00.57

For det er nemleg slik at dei emna som får mest oppmerksemd i medium er fotball, ulykker og ukas politiske bommertar. Sjølvsagt er det og lett å forsvare med at ”det er dette folket vil lese om”, men er folket verkeleg så dumme at vi ikkje vil høyre om anna?

Vel, det ser ut som om media undervurderar oss som mottakarar, eller gjer dei det? For mange er ikkje avisa anna enn underhaldning, på lik linje med vekeblada. Tv-nyheitene bringer oss action-fylte reportasjar kor berre delar av ”sannheta” kjem fram, medan radioen skal kapre lyttarar ved hjelp av presist, lokkande og spanande språk. I tilegg har ein internettet som oppdaterer seg fleire gangar dagleg. Likevel sitt vi som mottakarar ikkje igjen med anna enn sensasjonar, om dei er positive eller negative. Dessutan er det litt ironisk at ein fotballkamp frå 4.divisjon får meir oppmerksemd i lokalavisa enn problema rundt skuleskyss…

Er det riktig at media berre skal informere gjennom underholdning? Er media i dag for lite seriøse? Og er det riktig av media å berre fokuserer på sensasjonar?

Ta debatten nedanfor!

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Simen Longva
Simen Longva
26 februar, 2008
11.05
Om nokon går tilbake til fullformatet kjem jo avisene til å gå konkurs. Kven er det som greie å lese ei slik avis? Ho er jo så stor at ein må ha eit stort middagsbord for å få slått opp og lese ei sak.
Og dessutan vil dette kanskje føre til eit endå større kunnskapsskille i dagens samfunn. For kven er det som kjøper aviser med ekstra mykje informasjon, og kven er det som les sensasjonsjournalistikk? Det vil berre føre til at kunnskapsrike folk les meir utdjupande og "kjedelige sakar", mens vi andre "dumme" les om sensasjonar som "Britney prøvde å bli gravid i ein draum".
Media kan heller byrje å skrive kort og utdjupande, slik at alle kan få lyst til å lese ting, og ikkje skrive unødig informasjon.
Ole Håvik Bjørkedal
Ole Håvik Bjørkedal
25 februar, 2008
17.48
Det er heilt klart at ein burde få ei mindre sensasjonsprega presse. Diverre er det sånn at avisene må selge aviser, og sensasjonar sel. Eg saknar heilt klart aviser som går litt "utanfor" og er litt meir seriøse på sak. Kanskje nokre burde gått attende til fullformatet, tabloid er ikkje berre positivt.
tagcloud ikon

Populære emneord