Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Felles brukarnamn og passord for elevar

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
26. nov 2007, kl. 12.46

Med støtte fra Uninett skal Møre og Romsdal fylke sin ungdomsportal UNGweb.no bli tilknytta Feide, eit felles system for tilgangskontroll. Resultatet vil bli at elevane vil kunne logge seg på UNGweb.no ein gong og deretter få tilgang til alle læringsressursane på nett.

I midten av november lanserte UNG programmet i Møre Romsdal Fylke ungdomsportalen ungweb.no. Ungdomsportalen er utvikla på eZ publish plattformen - eit system for administrasjon og utvikling av nettsider basert på fri programvare. Systemet er alt i bruk for nettsidene til dei fleste vidaregåande skolane i fylket. Ungweb.no er ein felles portal for elevar i den vidaregåande skolen i Møre og Romsdal. I tillegg til elevar, er målgruppa ungdom i aldersgruppa 15 - 25 år. Gjennom denne portalen vil elevane få tilgang til læringsressursar frå ulike leverandørar av innhaldstenester for vidaregåande opplæring. Dette kan t.d. vere lærebøker i ulike fag, film og tv-program, ordbøker osv.

For at elevane skal sleppe å logge seg på kvar enkelt teneste med ulike brukarnamn og passord, krev det at alle tenestene samarbeider om ei felles løysing for innlogging. Uninett har laga ei slik teneste, Feide (feide.no), som handterer dette.

Møre og Romsdal fylke har fått støtte frå Uninett for å utvikle støtte for Feide på eZ publish plattformen. Dette inneber at elevane i løpet av 2008 vil kunne nå dei fleste av sine læringsressurser ved å logge seg inn på ungdomsportalen ungweb.no med kun eit brukarnavn og passord. Fleire tenester vil komme med støtte for Feide innlogging i tida som kjem.

Kontaktpersonar

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord