Nytt
Erik og Kriss opnar Ungdoms Fritids Ordninga i Haram
26. feb 2008, kl. 11.23
Ungdommane i Haram har venta på dette i årevis. Fredag 29.februar opnar endeleg det nye ungdomstilbodet på Ingebrigt Davik-huset.
Dei fremadstormande gutane i rapduoen Erik og Kriss vil stå for den offisielle opninga i lag med ordføraren kl 1800. Etter dette blir det underhaldning av lokale band, dansarar og karaoke. ”Erik og Kriss” held konsert i storsalen kl 20.00 og så blir det disco utover natta. Det er altså duka for ei skikkelig heilaften for dei unge denne fredagen!
Om Erik og Kriss
I byrjinga av 2006 hadde Rapduoen Erik og Kriss vore lasta ned over 100.000 gonger frå eiga heimeside. Dei spelte også masse konsertar, og gjekk frå å ha 10 publikummarar foran scena på enkelte konsertar til 35.000 på "Nrj in the park". I byrjinga av 2007 hadde antallet nedlastningar runda ein kvart million og debutplata "Gull og grønne skoger" vart sluppe 12. mars 2007. Radiolåta, "Den Låta" herja på radio heile førre sommar, og har vore fleire veker på VG lista og I-tunes lista. Gutane slapp si ferskaste plate "Verden vil bedras" 14 januar i år, så ein av dei aller første konsertane deira med nytt materiale, vert difor for Harams heldige ungdomar! Konserten er eit samarbeidsarrangement med ein anna jubilant, nemleg Brattvåg skulekorps som fyller 60 år. Så kven passar ikkje betre til å hylle jubilantane og ungdomstilboda i Haram enn nokre unge og fremadstormande artistar?
Om Ungdoms Fritids Ordninga (UFO)
Endelig er det meste på plass på Ungdomsarenaen som har fått det høgtflygande namnet UFO. UFO skal vere ein plass for både faste aktivitetar og prosjekt. Målesetjinga er å halde ope hus nokre laurdagar i månaden og ein kveld eller to i veka etterkvart. UFO skal vere ein møtestad for ungdom, og dei skal sjølve få bestemme aktivitetar både innomhus og utomhus. Her finst scene og lydanlegg for konsertar, nettkafè, biljard, diverse spel og ein flott kafè-bar der ein kan få servering. Vi kjem til å ha eit tilbod etter skulen med moglegheiter for leksehjelp, studenttreff, open kveld for spel og moro, disco, konsertar osv. Moglegheitene er mange med dei flotte lokala våre og vi lovar at her finst rom for det meste og dei aller fleste!


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)