Nytt
Endringar i norskfaget?
Utdanningsdirektoratet skal gå gjennom læreplanane for norsk og foreslår endringar.
Utdanningsdirektoratet foreslår mellom anna:
- elevane skal framleis lære å skrive på både nynorsk og bokmål
- hovudmålet til elevane skal prioriterast i skriveopplæringa
- leseopplæringa skal styrkast
- yrkesfag: vidareføring av den ordninga vi har i dag
- yrkesfag: skriveopplæringa skal styrkast
- yrkesfag: kompetansemåla bør opne for praktisk og tverrfagleg arbeid
- at kompetansen i skriftleg hovudmål og sidemål blir vurdert samla i ein felles standpunktkarakter
- at det berre blir ein eksamensdag i skriftleg sidemål for 10.trinn
- yrkesfaga får redusert talet på standpunktkarakterar til ein felles standpunktkarakter i norsk (både munnleg og skriftleg).
- vg3 studieførebuande utdanningsprogram får ein obligatorisk eksamen i skriftleg hovudmål, trekkfag i norsk munnleg, og trekkfag i skriftleg sidemål (som i dag)
På nettsidene til Utdanningsdirektoratet finn de meir om forslaga som skal ut til høyring.
På mellom anna desse nettsidene finn de om saka i media:
- VG


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)