Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Det skjer i Haram!

3. - 11. oktober arrangerar Ungdomsfritidsordninga (UFO) og Haram ungdomsråd ungdomsutveksling. Då fylles Fjørtofta opp med 25 ungdommar frå 5 forskjellege land i Europa.

Alle saman skal bo på skulen på Fjørtofta, og gjennom leik og moro skal dei lære om demokrati og kva det vil seie å vere ein statsborgar i Europa. Det er blant anna lagt opp til skattejakt, fisketurar og kanoturar. I tillegg til dette blir det politiske debattar og diskotek i Brattvåg arrangert av Ungdomsfritidsordninga (UFO).

Alle ungdommane blir delt inn i 5 grupper med ein person frå kvart land slik at ein på denne måten er nøydt til å bli kjend med, og kommunisere med menneske på tvers av landegrensene i Europa. Arbeidsspråk er sjølvsagt engelsk.

Ut i veka skal alle gruppene trekkje seg eit land kvar som dei skal presentere til dei andre gruppene. Og sidan det er ungdommar frå Kvite Russland, Montenegro, Serbia, Spania og Noreg som er med i prosjektet, er det desse landa ein skal lage presentasjon av. Desse presentasjonane skal dei framføre på ein internasjonal kveld der ein får anledning til å smake mat og drikke frå dei ulike landa. Dette er ein unik moglegheit for ungdommen i Haram til å verte kjend med unge frå andre land og knytte kontaktar for nye utvekslinga. Kanskje kan dei unge i Haram neste gong dra til eit anna land?

Utvekslinga er arrangert av Ungdomsfritidsordninga (UFO) og er støtta Aktiv ungdom, Europakommisjonen sitt program for ikkje formell læring.

Sist veka var leiarane på besøk i Haram og dei vart mektig imponert over gjestfridomen hjå folket og stå på viljen til ungdomane.

Helsing ungdomsreporter på Ingebrikt Davikhuset, Katrine Håhjem Kvilekval og aktivitetsleiar Tove-Laila Bjerke

 

For meir info ta kontakt med Tove-Laila Bjerke

Mob: 908 13 806

Mail: tove-laila@idhuset.no

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord