Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Betre forhold for gåande og syklande

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
22. nov 2007, kl. 11.27

Fylkestinget har vedteke ein transportstrategi for gåande og syklande. Undersøkingar frå MMI syner at gang- og sykkelanlegg er det meste brukte ”idrettsanlegget” på nasjonalt plan.

Auka biltrafikk dei siste tiåra har presse mjuke trafikantar ”av vegen”. Med mjuke trafikantar meinar ein syklande og gåande. Der det før var naturleg å gå eller sykle, er det i dag ofte vanskeleg og farleg pga. stor biltrafikk. I store delar av fylket er arealet redusert til 10 cm mellom ei kvitstripe og veggrøfta. Det kan vere skummelt med berre 10 cm mellom deg og ein lastebil.

Den nye sykkelstrategien for syklande og gåande har som mål å snu trenden, og å gjere Møre og Romsdal til eit føregangsfylke på området. Byar, kommunar og fylket bør ta mål av seg til å bli ”Sykkelbyar”.

Det vert lagt opp til vesentleg utbygging av gang- og sykkelvegar dei komande åra. På toppen av prioriteringslista står tilrettelegging rundt skular. Det skal snarast på plass sykkelvegar i ein radius på 4km rundt grunnskulane og 6 km rundt vidaregåande skular.

Slike tiltak som fremmer ei meir fysisk aktiv form for transport har vist seg å ha store gevinstar for individ og samfunn. Det kan betale seg minst 4-5 goner, sjølv forsiktig kalkulert. Betre helse kan til dømes føre til færre pasientar i helsevesenet og mindre sjukefråvær.

Satsing på meir gang- og sykkelvegar vil ha positive effektar for helse, miljø, trafikktryggleik, oppvekstvilkår, levande lokalsamfunn, reiseliv og næringsliv.

Kva kan du gjere?

Sjå til at det finst gode gang- og sykkelvegar i ditt lokalsamfunn og rundt skulane. Oppdagar du manglar bør du ta dette opp med ditt lokale ungdomsråd.

Kjelde:

Transportstrategi for gåande og syklande i Møre og Romsdal 2010 - 2019

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord