Nytt
Bergmo-elevar først med nytt fag
20. feb 2008, kl. 09.29
Elevar ved Bergmo ungdomsskole i Molde er først i landet med det nye undervisningsopplegget "Økonomi og karriereval".
Elevar i 8.klasse har prøvd det nye undervisningsprogrammet, som går over ein dag.
Det er Ungt Entreprenørskap som har utvikla undervisningsprogrammet, gjennomføringa skjer i samarbeid med Sparebanken Møre og lokale bankrepresentanter. Ungt Entreprenørskap er en ideell organisasjon som arbeider for samarbeid mellom skole og næringsliv, knytta til Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke.
Elevane likte spesielt godt den praktiske øvinga med "yrkeskort": Kvar elev fekk eitt kort med opplysning om yrke og gjennomsnittleg brutto og netto månadsinntekt for dette yrket. Med utgangspunkt i dette skulle dei lage månadsbudsjett der dei måtte ta stilling til kva transportmidlar, matvanar og hus dei ville ha råd til i forhold til inntekta.
Elevane fekk også teikne "livskart", og reflektere over eigne interesser, ferdigheiter og verdiar. Ulike sparemåtar var også tema, og rettar og plikter i forhold til det å ha eige bankkort.
Ut over våren skal også fleire skolar i gang med tilsvarande; nyleg var lærarar frå alle ungdomsskolane på søre Sunnmøre på kurs og fekk innføring i det nye faget.
Kontaktpersonar
- Kirsten Aure, Tlf. 71258058/ Mob. 97733156
- Sissel Tegelsrud Kolstad, Tlf. 71258814/ Mob. 95065524



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)