Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Behov for meir ressursar til skolehelsetenesta

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
20. nov 2008, kl. 10.37

Dei fleste er nøgd med skolehelsetenesta ved dei vidaregåande skolane, men ressurssituasjonen kunne ha vore betre ettersom det noverande tilbodet ikkje ser ut til å dekke behovet. Det kjem fram i ein rapport som fylkesrevisjonen har utarbeidd på vegne av kontrollutvalet i fylket.

 

 

Pressemelding frå Kontrolldirektøren

 

Helsesøster er tilgjengeleg gjennomsnittleg 1,25 dag pr veke for elevane ved skolane, og det er avgrensa med ressursar til helsestasjon for ungdom som kan avlaste skolehelsetenesta. Dermed kan ikkje skolehelsetenesta bli det lågterskeltilbodet for elevane ved dei vidaregåande skolane som det var tiltenkt.

 

 

Det er kommunane som har ansvaret for å organisere skolehelsenesta, og tilbodet varierer frå kommune til kommune. Dei fleste har stadleg helseteneste med helsesøster, men dei færraste har andre ressursar, som lege, psykolog eller andre. Med meir ressursar kunne tilbodet ha vore enno betre, er tilbakemeldinga frå dei fleste skolane.

 

 

I rapporten blir og innsatsen til dei vidaregåande skolane for å sikre det fysiske og psykososiale miljøet ved skolane vurdert. Opplæringslova krev at det skal finnast systematiske opplegg for dette ved kvar skole. Dei fleste skolane opplyser at dei i varierande grad har opplegg på plass og gjennomfører kartleggingar. Fleire elevråd melder likevel at dei ikkje kjenner til dette, og det er og ulik oppfatning om i kva grad elevane tek del i kartleggingar av det fysiske og psykososiale miljøet.

 

 

Tilbakemeldingar m.a. frå den årlege Elevundersøkinga viser at tilhøva ved dei vidaregåande skolane er om lag på landsgjennomsnittet, både når det gjeld faktoren trivsel og faktoren fysisk læringsmiljø. Konkrete uheldige tilfelle blir elles rapportert gjennom den løpande HMT-rapporteringa, som t.d. problem med inneklima, fukt, avtrekk/ventilasjon m.m.

 

 

Det synest å vere behov for meir kursing i miljøarbeid både for tilsette og elevar, men det blir opplyst at elev- og lærlingombodet tar opp slike tema på dei årlege samlingane for elevråda, og ved skolebesøk. Synspunkt på mangelfull informasjon om miljøarbeid ved skolane kan tyde på skolane informerer for lite om kva som blir gjort.

 

 

I rapporten påpeikar elles fylkesrevisjonen at rutinane for varsling av elevar og pårørande og klagebehandling av tilhøve som vedkjem elevane si helse m.m., er mangelfulle, ettersom halvparten av skolane seier dei ikkje har etablert slike rutinar. Det er og skolar som framleis manglar rutine for å handtere tilfelle av mobbing.

 

 

Kontrollutvalet skal behandle rapporten i møte den 27. nov.

 

-------------------------------

Kontaktpersonar:
Leiar i kontrollutvalet, Håvard Jostein Kongshaug, mob. 951 28 265
Kontrolldirektør Hans Blø, tlf. 71 25 86 19, mob. 411 26 808
Fylkesutdanningsdirektør Per Hoem, tlf. 71 25 87 85, mob. 950 65 597
Elev- og læringsombod Monica Molvær, tlf. 71 25 86 18, mob. 975 01 202

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 3
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord