Nytt
Averøy kommune kåra til årets ungdomskommune
17. nov 2008, kl. 10.38
Ungdommens fylkesting kåra i helga Averøy kommune til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal.
Averøy ungdomsråd nominerte i haust kommunen til å bli årets ungdomskommune i fylket. Etter å ha lese gjennom nominasjonen og fått presentert kommunen under årets Ungdommens fylkesting var ikkje tinget i tvil og gav kommunen den ærefulle tittelen.
Averøy kommune har eit svært godt fungerande kommunalt ungdomsråd. Dei har blant anna vore med i arbeidet med kommuneplanen og levert viktige bidrag.
Averøy har blant mykje anna eigen helsestasjon for ungdom, sentralt plassert kunstgrasbane, hestesportsklubb og ny barneskule.
Kommunen og ungdomsrådet har dei siste åra hatt eit stort fokus på rusarbeidet.
Årets ungdomskommune får eit kunstverk som bevis på at dei er årets ungdomskommune. Utdelinga vil skje på nyåret og Ungdomspanelet tar sikte på å legge sitt fyrste møte neste år til Averøy.



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
19 november, 2008
18.21
17 november, 2008
18.06
Men det var virkelig fortjent, Dan Åge imponerte veldig!:)
17 november, 2008
17.22
Virkelig fortjent. Noe å se opp til
17 november, 2008
16.41
Gleder meg til å ha UP-møte på Averøy!
17 november, 2008
15.24
17 november, 2008
14.24