Nytt
”Årets Ungdomskommune” og Grease-konsert i Stordal
Under UFT 09 i Ulsteinvik, vart Stordal kommune tildelt prisen for ”Årets Ungdomskommune 2009”. Søndag 18.april reiste Ungdomspanelet til Stordal for å overrekke prisen. Overrekkinga vart gjort i samband med ein Grease-konsert i regi av Vatne og Stordal Skulekorps
Skrive av Hanne Stokke, Ungdomspanel medlem
Denne konserten har korpsa jobba mykje med, og den var svært vellukka og bra. Det var Ungdomsrådet i Stordal og ordføraren som tok imot diplomet for ”Årets Ungdomskommune”. I tillegg til dette, vert Ungdomsrådet invitert til å kome på besøk på Fylkeshuset, der det vil bli lagt til rette for at dei skal kunne stille spørsmål angåande saker som dei arbeider med, til administrasjon og eventuelle politikarar som dette gjeld. Her vil vi også ha felles lunsj med Ungdomspanelet og Ungdomsrådet, slik at vi kan diskutere sakene dei jobbar med.


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)