Miljø, rock, kajakk, spelemann, bålplass, drakter, ungdomsfestival, cd-spelar og havrafting er nokre av ungdomsaktivitetane i fylket som har fått støtte frå Ungdomsmidlane.
Ungdomspanelet hadde ein vanskeleg jobb då dei tysdag 15. april skulle fordele kr 125.000. Det var komme inn heile 68 forskjellige søknadar som til saman hadde søkt om over ein million kroner.
18 forskjellige prosjekt fekk til slutt støtte frå ungdomsmidlane i denne omgang.
I desember skal Ungdomspanelet dele ut nye 125.00kr til ungdomsaktivitetar. Fristen for å søke blir 1. november. Meir informasjon blir lagt ut på UNGweb til hausten.
| Desse prosjekta har fått støtte av Ungdomspanelet ved fyrste tildeling 2008:
|
| TeleBygget ungdomshus i Volda har fått kr 5.000 i støtte til Sunnmørsrock
|
| Molde og omegn Natur og ungdom har fått kr 2.000 i støtte til materiell
|
| Motormekka i Gjemnes har fått kr 10.000 i støtte til utstyr
|
| Fredagstreffet i Sula har fått kr 8.000 i støtte til lydanlegg
|
| Grimstadhøgda 4H på Tingvoll har fått kr 4.500 i støtte til bålplass
|
| Friluftsgruppe i Fræna har fått kr 12.000 i støtte til kajakk
|
| Ungdomshuset i Kristiansund har fått kr 10.000 i støtte til workshops og arrangement
|
| Eit futsallag frå Haram har fått kr 2.500 i støtte til innkjøp av drakter
|
| Mekkegruppa i Rauma har fått kr 10.000 i støtte til havsafari
|
| Ung Misjon / Blindheim Y-Ungdom frå Ålesund har fått kr 10.000 i støtte til rusfritt arrangement
|
| Stiletten Danseklubb i Ulstein har fått kr 2.500 i støtte til cd-spelar
|
| Rauma ungdomsråd har fått kr 10.000 i støtte til finansiering av besøk av Finsk ungdomsråd
|
| Norddal ungdomsråd har fått kr 5.000 i støtte til Ung Helg 2008
|
| Ungdomsringen Snu Nordvest frå Molde har fått kr 8.000 i støtte til spelemann
|
| U9K frå Molde har fått kr 10.000 i støtte til arrangement
|
| Møre og Romsdal Natur og Ungdom har fått kr 10.000 i støtte til seminar om oljeverksemd utanfor mørekysten
|
| Smøla ungdomsråd har fått kr 5.500 i støtte til foredragshaldar til arrangemente "Ungdom og Miljø"
|
Kommentarar (0)