Nytt
125.000 kr fordelt til gode ungdomsprosjekt.
12. des 2007, kl. 13.29
Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har nok ein gong fordelt friske midlar til gode ungdomsprosjekt i Møre og Romsdal.
Denne runden får både motorsporten, ungdomsklubbar, bogeskytarar, naturvernarar, russ og musikarar økonomisk støtte frå Ungdomspanelet. Det kom inn til saman 29 søknadar til ungdomsmidlane på over kr 456.000.
Til våren skal Ungdomspanelet dele ut nye midlar til nye og spennande ungdomsprosjekt. Neste søknadsfrist er 1. april 2008.
Desse har fått støtte frå Ungdomsmidlane andre halvår 2007:
|
Holmestrand IL Trial frå Rauma får kr 3.000 i støtte til kjøp av luftkompressor, slagborr og skruestikke.
|
|
Ørsta og Volda ballettskule får kr 7.000 i støtte til oppsettinga av Nøtteknekkaren.
|
|
Åndalsnes Ungdomsklubb får kr 7.000 i støtte til kjøp av ny TV.
|
|
Måndalen In*puls frå Rauma får kr 10.000 til kjøp av tre nye gitarar.
|
|
Alternativ rus(s) i Rauma får kr 6 000 til prosjektet Russ mot rus.
|
|
Kristiansund Motocrossklubb får kr 15.000 til innkjøp av større motocross
|
|
Elevrådet ved Sandsøy skule i Sande kommune får kr 10.000 til å sette i stand eit fritidsaktivitetsrom.
|
|
Kristiansund og Frei byeskytterklubb får kr 5.000 til kjøp av utstyr.
|
|
Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag får kr 5.000 til å kjøpe inn ein ny forsterkar
|
|
Møre og Romsdal Natur og Ungdom får kr 5.000 i støtte til landsmøte sitt.
|
|
Russerevy på Atlanten vidaregåande skule får kr 10.000 til PA og lys.
|
|
Sellout Studios i Molde får kr 10.000 til utstyr.
|
|
Ghetto’n ungdomsklubb i Kristiansund får kr 10.000 til ny sofa.
|
|
Lynet 4H i malmefjorden får kr 2.000 til kjøp av digitalkamera
|
|
Molde metallfestival får kr 8.000 i støtte.
|
|
Prosjekt plekter i Haram får kr 5.000 i støtte til rockefestival.
|



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)