Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Er Høgre best på ungdomspolitikk i Møre og Romsdal?

Kristin Glæstad Vonheim
Skrive av Kristin Glæstad Vonheim
20. aug 2009, kl. 13.24

Høgre ligg på topp i statistikken frå godt og vel fire månader med debatt på Demokrati 0.9, portalen til ungdommen for val og politikk i Møre og Romsdal. Overraskande?

 

Debatten har gått om spørsmål som ”bør det vere stemmerett for 16-åringar,” ”bør det vere lovleg å laste ned musikk gratis på Internett,” og ”bør det bli utvidet skoledag med innlagt leksehjelp for alle”. Partia har lagt fram sitt svar på kvart spørsmål og alle UngWeb-brukarar har blitt oppfordra til å vere med og stemme på det beste svaret. Høgre ligg på topp sammanlagt. Er det fordi politikken deira best ivaretek interessene til ungdommen, fordi dei ordlegg seg godt i svara sine eller kanskje fordi dei har profilerte ungdomspolitikarar? Men Høgre er ikkje aleine i leiinga. Også Arbeiderpartiet er populære og både Kystpartiet, Fremskrittspartiet og Demokratane har vunne debatten éin gong kvar. Ta ein kikk på oversikta over alle spørsmåla så langt (http://ungweb.no/VAL-09/Ukas-spoersmaal) og bli med i debatten!

Val 09 på UngWeb

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord