Hopp til hovedinnhald

icon

Nytt

Sorter etter

Få nyttar trygt heim ordninga!

Svært få ungdommar i Møre og Romsdal nyttar ordninga "Trygt heim for ein 50-lapp". Ordninga er eit tilbod som skal få ungdom trygt heim på kvelds- og nattestid.

Les meir på nrk.no sine nettsider


Les meir [0] Ikon: redaktor.gif

Operasjon dagsverk!

Foto frå OD sine nettsider

Årets Operasjon Dagsverk blir gjennomført 28.oktober. Internasjonal veke er lagt til 11.-22. oktober. Årets kampanje "En by - to verdener" handlar om Brasil, urbanisering, slum, ungdom og utdanning, og midlane frå OD-kampanjen 2010 skal gå til ungdom i slumområde i seks brasilianske storbyar.


Les meir [0] Ikon: redaktor.gif

TV -aksjonen 2010

Tv-aksjonen 2010

Søndag 24.oktober gjennomførast TV-aksjonen 2010. I år går inntektene til Flyktninghjelpen og deira arbeid for menneske på flukt. Midlane skal nyttast til å gje meir og betre humanitær hjelp til fleire av dei 43 millonar menneska på flukt i dag. Med pengar frå TV-aksjonen kan dei sette i gang naudhjelpsarbeid raskt hvis det oppstår kriser i nye område med store humanitære behov. Hugs å melde deg som bøsseberar!


Les meir [0] Ikon: redaktor.gif

Vetle fra Ungdomspanelet skal leie arbeidet fram mot eit Nasjonalt ungdomspanel

Janne Katrin og Vetle frå UP saman med Reidar Bjarmann, barneombudet

Vetle Wang Soleim ble tirsdag 21. september valt av Ungdommens nasjonalforsamling (UNF) som leiar av arbeidsgruppa som skal arbeide for å etablere eit nasjonalt medverknadsorgan for ungdom, eit nasjonalt ungdomspanel.


Les meir [0] Ikon: redaktor.gif

Har du ein kandidat til miljøpris 2010

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer mellom anna skoleklassar m.fl. til å kome med forslag til prisvinnarar innan 15.oktober. Prisen er eit kunstverk og 15000,- Forslag må innehalde ei kort skildring av kandidaten/kandidatane, og ei grunngjeving for nominasjonen. Send forslag merka "miljøpris 2010" til post@mrfylke.no . Les meir om dette på www.mrfylke.no


Les meir [0] Ikon: redaktor.gif

Formidling av læreplass 2010

612 søkarar har no fått læreplass per den 20.september. 55 søkarar med opplæringsrett venter fortsatt på tilbod frå bedrift. Utdanningsavdelinga seier at dei har erfaring med at mange får læreplass i løpet av hausten, og arbeidet med formidlinga fortsett.


Les meir [0] Ikon: redaktor.gif

Prosjekt UKM 2011!

UKM 2011

Ungdomsrådet og kulturenheten på Smøla satser på Prosjekt UKM 2011! Dei inviterar ungdom til tre helgesamlingar med kurs ledet av spennande instruktørar og variert innhald – i fleire sjangre.


Les meir [0] Ikon: redaktor.gif

Korleis kan du få fjerne informasjon om deg på nettet?

Har du funne informasjon eller bilder av deg på nettet som du ikkje vil skal ligge der? Har nokon oppretta ein falsk profil i ditt namn eller misbrukt opplysningar om deg på anna måte på nett?
På nettsida ung.no får du tips om korleis du kan få det fjerna.


Les meir [0] Ikon: redaktor.gif
<< 1...  37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 ... 100 >>
icon

ung.no

icon

Emnord

Vis som