Info
Vil du gi innspel til nytt ordensreglement for dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal?
I Møre og Romsdal har vi nokre felles reglar som skal gjelde for alle dei vidaregåande skolane. Denne delen inneheld formål, virkeområde, rettar og plikter. I tillegg har skolane ein del B som gjeld for sin skole. Det gjeldande ordensreglementet må no reviderast og vi ber difor om innspel til dette arbeidet. Kva meiner du er viktig å ha med i det overordna ordensreglementet for alle dei vidaregåande skolane i fylket?
I følgje Opplæringslova § 3-7 skal Fylkeskommunen gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte vidaregåande skolen. Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på ein annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva for tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet, og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlars.
Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremmer helse, trivsel og læring (opplæringslova §9a-1). Skolane må ha klare rutinar for korleis problem som til dømes mobbing skal avdekkast og løysast. For å følgje opp dette er det viktig at skolane mellom anna har eit ordensreglement som er klart og tydeleg med omsyn til kva som er akseptabel åtferd i skolesamfunnet.
I Møre og Romsdal har vi nokre felles reglar som skal gjelde for alle dei vidaregåande skolane. Denne delen inneheld formål, virkeområde, rettar og plikter. I tillegg har skolane ein del B som gjeld for sin skole.
Kva meiner du?
Det gjeldande ordensreglementet må no reviderast og vi ber difor om innspel til dette arbeidet.
Kommenter her på Ungweb, eller send e-post (sverre.hollen@mrfylke.no ) og kom med innspel.
Kva meiner du er viktig å ha med i det overordna ordensreglementet for alle dei vidaregåande skolane i fylket?
Vedlagt er det gjeldande ordensreglementet:


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
14 desember, 2009
10.09