Info
Ungdomskort
24. juli 2008, kl. 18.34
Har du enno ikkje fylt 20 år, kan du kjøpe det nye ungdomskortet som gjeld for alle bussar, ferjer og hurtigbåtar i heile Møre og Romsdal.
Kortet kostar kun kroner 420,- i månaden. Dette er omlag 13 kroner dagen, noko som gjer at du reiser svært billeg med kollektivtransport.
Slik kan du bestille:
Når du skal ha ungdomskortet første gong, fyller du ut bestillingsskjema på brosjyra du får utlevert blant anna hos transportselskap og kollektivterminaler. Skriv tydeleg.
Send inn skjemaet saman med eit passfoto (fargar eller svart/kvitt) til næraste ruteselskap. Du kan og levere det til ein bussjåfør eller billettøren på ei ferje eller hurtigbåt.
Send ikkje med pengar:
Ruteselskapet lagar kortet og sender det heim til deg etter få dagar.
Første gong du brukar kortet ditt må det "ladast" opp av sjåføren eller billettøren. Då betaler du månadsbeløpet, kroner 420,-. Kortet er gyldig frå dato til dato i ein månad. "Ladar" du opp kortet til dømes den 10. i ein månad, gjeld kortet til den 10. i neste månad.
Påfyll av kort:
Alle kort kan brukast om att, gong etter gong. Ta difor godt vare på kortet ditt. Korta fornyast på bussen eller ferja hjå sjåføren eller billettøren.
Viktig å merke seg:
Kortet gjeld ikkje på nattbussar, flybussar eller fylkeskryssande ruter. Har du kjøpt berøringsfritt ungdomskort hos Ålesund Bilruter, MÅ du vise kortet med salskvittering når du reiser med andre ruteselskap. Kortet er berre gyldig saman med gyldig legitimasjon, som til dømes skolebevis med foto, bankkort, førarkort, pass eller annan godkjent legitimasjon med foto.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)