Info
Trygt heim for ein 50-lapp
24. juli 2008, kl. 18.31
Frå hausten 2005 vil ordninga med ”Trygt heim for ein 50-lapp” vere etablert i dei fleste kommunane i Møre og Romsdal. Ungdom i desse kommunane vil i dei fleste høve kunne reise heim for berre kr 50,- på kveld/nattetid.
Kven ordninga gjeld for:
Ordninga gjeld for ungdom under 25 år. Dersom det er ledig kapasitet kan og andre som møter opp på avreisetidspunktet nytte ordninga. Pris: Kvar passasjer betaler kr 50,- uavhengig av kor langt ein reiser innanfor dei avgrensa rutetraseane.
Litt om ordninga:
Rutene vil ha fast avgangstid og gå ut i frå faste stader. Turane blir køyrde som ei rute. Rutene vil ha har klare avgrensingar for kva område dei dekkjer, men er likevel fleksibel ved endepunktet. Dette betyr at passasjerane blir køyrt så nær heimen som eit rasjonelt transportopplegg kan tillate. Dersom drosja køyrar utanfor dei oppsette rutetraseane vil det bli eit påslag i prisen. Turane må tingast på førehand innan eit nærare angitt klokkeslett og vill berre bli køyrde om det er førehandstingingar. Turane tingast ved dei lokale drosjesentralane.
Bakgrunnen for ordninga:
”Trygt heim for ein 50-lapp” er eit tilbod retta mot ungdomsgruppa, då denne er sterkt utsett for trafikkulukker og då spesielt helgeulukker. Fylkestinget har med å innføre denne ordninga eit sterkt håp om å få til ein reduksjon i talet på ulukker der ungdom er involvert.
Organisering av arbeidet med innføring av ordninga i fylket
Arbeidet med å førebu ordninga i fylket har vore eit samarbeid mellom samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylke, Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Rauma Taxi, Fylkestryggingsutvalet og Noregs Taxiforbund i Møre og Romsdal. Innføringa av ordninga i nye områder skjer i nært samarbeid med kommunane, ungdomsråda og dei lokale drosjesentralane.
Meir informasjon:
Møre og Romsdal fylke, samferdselsavdelinga - tlf. 71 25 87 44 eller på www.trygtheim.no


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)