Info
Ting du må vite 2011
Rettleiingsbrosjyre
Det er laga ei rettleiingsbrosjyre i samband med skolestart i år. Denne håper vi svarar på mange av dei spørsmåla som vil dukke opp i samband med berbare Pc-ar.
PC-ordning
Når du går på vidaregåande skole i Møre og Romsdal krevst det at du nyttar PC. Det er kvar enkelt sitt ansvar å sørgje for å ha ein fungerande PC tilgjengeleg heile tida på skolen. Når du skal skaffe deg PC kan du vele skole-PC frå fylket, eller kjøpe ein PC sjølv.
De som byrjar på vidaregåande i skoleåret 2011/12 har to val:
1. PC frå Møre og Romsdal fylke
Møre og Romsdal fylke har inngått avtale med ADCOM AS om levering av skole-PC.
Modellen er Lenovo ThinkPad Edge, ein PC med 13,3” skjerm, 2 GB internminne, 320 GB disk og vekta er 1,74 kg.
Dersom du vil bruke dette tilbodet frå fylket vil du få utlevert PC-en på skolen ved skolestart. Du må betale kr. 890,- per år og faktura blir sendt ut omkring 15.november.
Betalinga inkluderer mellom anna service, vedlikehald og forsikring. Du får behalde PC-en når innbetalingane er gjort. Sluttar du før kan du kjøpe ut PC-en.
Du kan søkje om utstyrsstipend frå Lånekassen (www.lanekassen.no), minimumsstipendet for skoleåret 2011/12 er 890,-.
2. Kjøpe/bruke eigen PC
Dersom du heller vil bruke/kjøpe eigen PC vil du få utbetalt eit ”PC-stipend” frå fylket på kr 2500,-. Dette stipendet treng du ikkje å søkje om – det kjem automatisk til alle som er tekne inn på vidaregåande hausten 2011, utbetaling i oktober.
Den PC-en du brukar må minst svare til dei krava som gjelder for fylket sin PC-modell.
Du må sjølv halde deg med service, vedlikehald og eventuell forsikring. Serviceavtale er særs viktig, elles kan du risikere å vere utan pc lenge dersom noko går gale med di eiga maskin.
Du kan søkje om utstyrsstipend frå Lånekassen (www.lanekassen.no), minimumsstipendet for skoleåret 2011/12 er 890,-.
Spesielle krav
I nokre fag og utdanningsprogram (for eksempel media og kommunikasjon) kan det vere behov for ein PC som kan behandle avanserte grafiske applikasjonar (for eksempel Adobe photoshop). Dersom du ønskjer å arbeide med slike program set det ekstra krav til PC-en din. Skolen du har søkt kan gi råd om krav til slike PC-ar, kontakt skolen eller gå inn på skolen si heimeside.
Sjå også: http://ungweb.no/pcordning
FEIDE
Møre og Romsdal fylke har tatt i bruk FEIDE (Felles Elektronisk IDEntitet). Dette er ei innlogging som skal verne om identiteten din. Målet er at du skal sleppe å hugse mange ulike brukarnamn og passord og kun skrive brukarnamn og passord ein gong for å kome inn på dei ulike systema, såkalla Single-Sign-On (ungweb.no, Fronter, SkoleArena, Lokus osv).
Les også: http://ungweb.no/feide
Det trådlause nettet
For å bruke datamaskina på skolen, må du logge deg på det trådlause nettverket. Dei fleste skolane har så godt nett at du kan logge deg på nesten over heile skolen.
Det er mange måtar å logge seg på trådlause nettverk, alt etter kva operativsystem og programvare som er installert på PC’en din. Dei fleste maskinar søkjer opp trådlause nettverk av seg sjølv. Du må passe på at det trådlause nettverkskortet er slått på/ aktivert (på ein del PC-ar er det ein brytar som slår på og av trådlaust nettverk). Ved aktivering finn du vanlegvis eit ikon nede i høgre hjørne. Dobbelklikk på dette. Du vil her få opp ei liste over dei trådlause nettverka maskina di har oppdaga.
Første innlogging (for 1-års-elevar)
1. Gå på det trådlause nettet på skolen for å registrere Feide-brukaren din, du får utdelt elevnummer på skolen en av dei første dagane. Nummeret trenger du for å registrere deg.
2. Bruk “fellesbrukar” for å kome på det trådlause nettet (denne får du på skolen)
3. Aktiver Feide-brukaren din
Det er eitt brukernamn og passord for dei fleste tenester og Single-Sign-On etter at du har logga seg på den første tenesta (ungweb.no). Når det gjeld registrering/aktivering, så er dette nå samla i tenesta https://brukerid.mrfylke.no.
Sjå også: https://brukerid.mrfylke.no
Gløymt passord
Dersom du har gløymt passordet på FEIDE-brukaren din, kan du gå inn på denne adressen:
UngWeb
Det første du får opp når du er pålogga nettverket til skolen, er nettsidene til UngWeb. Målet med UngWeb er å gi deg som ungdom mer påverknad på det som skjer i samfunnet, men det gir deg også tilgang til ei rekkje tenester som du treng i undervisninga.
På fana ”MIN SIDE” får du tilgang på dei digitale nettressursane til skolen. Her vil du få tilgang til alle dine elevtenester, og også mykje anna informasjon.
På fana «MIN SKOLE» får du opp nettsida til skolen din, her ligg nyheiter om skolen, fagtilbodet, etc.
Sjå også: http://ungweb.no/minside
Når du vil skrive ut
Fleire skolar har løysingar som gjer at du kan skrive ut frå di eiga maskin. Ta kontakt med skolen for detaljar.
Digitale læremiddel
Som elev ved ein vidaregåande skole eigd av Møre og Romsdal fylke har du tilgang til mange digitale læremiddel på nett. For å bruke desse må du logge deg på ”Min Side” på UngWeb.
Mange skular tilbyr gratis hjelpeprogram til PC for elevar med lese-eller skrivevanskar. Ta kontakt med IT ressursane på skolen hvis du har behov for slike hjelpemidler.
Epost
Du kan bruke di eiga e-postadresse (hugs å opplyse om denne til skolen), men dersom du ikkje har frå før/ønskjer det får du ei ungweb-adresse og kan lese e-posten din her: https://skolepost.mrfylke.no (du må logge deg inn med FEIDEkontoen din). Du kan også lese denne eposten på mobiltelefonen din. I tillegg til å lese og sende e-post, kan du slå opp i ei felles adressebok som inneheld e-postadressene til alle elevar og lærarar i fylket. Denne epostadressa er sikra av spam- og virusvaskar til fylket.
Dersom du ikkje registrerer din private e-post hos skolen vil viktige e-poster bli sendt til ungweb-adressa di, så denne må du sjekke ofte.
Fronter
Møre og Romsdal fylke brukar Fronter som digitale skolar og klasserom for elevane i vidaregåande skole. Vi kallar dette ofte for skolen sitt LMS (Learning Managment System). Ein LMS er både eit administrativt system for skolen og eit elektronisk læringssystem der lærarar og elevar kan organisere faga i ulike rom og mapper. I Fronter kan elevar og lærarar kommunisere med hjelp av chat, epost og forum.
SkoleArena
Elevar og lærarar har tilgang på til karakter-og fråverssystemet SkoleArena. Her fører alle lærarar fråveret ditt og karaktarane dine. Du kan til ei kvar tid sjekke at det er rett ført. Vi rår deg til at du sjekker kvar gong du har vore borte frå skolen, slik at dette blir rett. Alle ordens- og åtferdsmerknader blir også ført her. Foreldre/føresette har eiga pålogging.
Ordlister
Ordlister på PC kan vere like gode som orbøker, det er raskt å slå opp og søkje etter ord. Ordnett finn du på "MIN SIDE" på UngWeb. Vi rår deg til å laste ned Ordnett pluss. Då har du ordlista lokalt på PC-en, og er dermed ikkje avhengig av internett (f.eks på heildagsprøver). Har du Ordnett frå før må du avinstallere og installere den nye versjonen.
Sjå også: http://ungweb.no/ordnettpluss
LOKUS
Lokus er Aschehoug sin nettstad for den vidaregåande skolen. Nettstadane erstattar eller supplerer den tradisjonelle arbeidsboka/ oppgåve-samlinga. Elevar og lærarar loggar seg på LOKUS med FEIDE-kontoen sin.
NDLA
”Nasjonal digital læringsarena” har som mål å etablere fagnettstadar for alle fag i vidaregåande opplæring. Ressursen er fritt tilgjengeleg.
Programvare
Møre og Romsdal fylke legg vekt på at det blir brukt fri programvare når det har ein funksjonalitet som er jamstelt med tilsvarande lisensiert programvare. Derfor skal følgjande program vere tilgjengeleg på datamaskina di:
- Antivirus-program (vi anbefalar AVG eller Microsoft Security Essentials)
- Nettlesar (vi anbefaler å ha fleire installert, men særleg Mozilla Firefox)
- Kontorstøtteprogram (tekstbehandlar, rekneark, presentasjon - vi anbefalar gratispakken OpenOffice.org)
- PDF-lesar (vi anbefalar Adobe Reader)
Nettlesar
På nokre læremiddel kan det vere vanskeleg å opne på rett måte med Explorer. Bruk Firefox.
Kontorstøtteprogram
Alle elevar skal ha eit skriveprogram installert på PC-en sin. Når du leverer skolearbeid på Fronter skal desse vere i eit lesbart format. I Møre og Romsdal fylke blir desse formata brukt:
• ODT (OpenOffice) for redigerbare filer
• DOC og DOCX (Microsoft Word) for redigerbare filer
• PDF (Adobe Acrobat reader) for filer som ikkje skal redigerast vidare
Samskrivingsprogram
Det finst også ei rekkje program på internett til tekstbehandling, rekneark, etc. Desse har også den eigenskapen at du kan dele dei med andre, slik at fleire kan skrive på samme dokument eller rekneark samtidig.
Eksempel på dette er Google Docs, Zoho, etc. Desse er gratis i bruk, og du får tildelt eit lagringsområde som er tilstrekkeleg til vanlege føremål. Desse verktøya er svært nyttige når du skal skrive på same dokument frå fleire maskiner, eller samarbeide om eit dokument f.eks. som prosjektarbeid.
Ein annan fordel er at du ikkje treng å laste ned noko program, du gjer alt i ein vanleg nettlesar som f.eks. Opera, Firefox eller Explorer.
Det finst også gode presentasjonsprogram som f.eks. SlideRocket, der du kan lage relativt avanserte presentasjonar – kun ved hjelp av ein nettlesar (Firefox, Explorer, Opera, etc.)
Antivirus
Alle elevar som skal logge seg på nettet til skolen SKAL ha antivirusprogram. Du står fritt til å velje kva virusprogram du vil bruke.
Pass på at virusprogrammet er oppdatert til ei kvar tid. Vi tilrår også at du har dataverktøy som “vaskar” PC-en din for eventuelle spionprogramm.
Lagring av data
Du er sjølv ansvarleg for å lagre data som du treng i skolearbeidet ditt på ein trygg måte, og for at desse dataene er tilgjengelege når du treng dei.
Den vanlegaste måten å lagre data på er på den innebygde harddisken. Vi legg til rette for at du kan lagre mest mogleg på Internett. I tabellen under har vi lista opp fleire alternative muglegheiter for lagring. Dersom du har f.eks. ein webmailkonto på Internett, som f.eks. Gmail, Hotmail eller Yahoo-mail, kan det vere praktisk å sende filer du vil ha backup på som epost-vedlegg til denne kontoen. Då får du tilgang til desse filene uansett kvar du er – berre du har tilgang til nettet. Via verktøy som adrive.com eller getdropbox.com får du eigne lagringsområde på web som du kan bruke som ordinær lagring eller backup
Når du brukar PC-en din til skolearbeid, er det viktig at du har eit system som gjer det lett å finne dokument og datafiler. Dette kan vere arbeidsteikningar eller ulike prosjekt/arbeid i faga dine.
| Lagringsmedium | Fordel/ulempe |
| Eigen harddisk | Kan lagre mykje data, men må ha backup av viktige filer. Er bunden til ei maskin |
| Internett | Kan lagrast som epost-vedlegg eller på tenester som adrive.com (max 50 gb). Her må du ha tilgang til internett ved bruk. |
| Ekstern harddisk | Det finst eigne harddiskar som du kan kople til PC-en via USB-inngangen. Desse har vanlegvis svært god kapasitet. |
| Brenne cd | Dette er primært ein grei måte å ta backup på rimeleg. Ikkje alle pc-er har eigen cd-brennar. |
| Minnepenn (USB) | Rimeleg og mobil. Er ein sikkerhetsrisiko når den blir brukt mellom fleire ulike pc-ar |
Dropbox 2 GB gratis lagring på nett, du kan nå dropbox med alle pcar, mobil, ipad etc
Ein katalog pr fag
På dei aller fleste datamaskinar er det ei mappe som heiter Dokumenter. Her bør du lagre alt skolearbeid. Lag mapper for kvart fag. Gi mappene dine namn slik at du lett ser kva som er i dei, f.eks ”Norsk” eller ”Naturfag”.
Behov for hjelp?
Det kan dukke opp “datatrøbbel” som du må ha hjelp til å løyse. Då er det godt å vite at det er fleire som kan hjelpe deg:
IT-ressursane ved skolen:
Skolen har eigen IT-ressurs som arbeidar med dagleg drift av IT-systema våre.
Hos IT-ressursane kan du få hjelp med:
- installasjon av antivirusprogram,
- tilkopling til printarar,
- oppkopling til det trådlause nettverket
- andre problem du måtte ha med å bruke datamaskina på skolen mot skolen og fylket sine tenester
Har du privat pc kan du ikkje forvente hjelp til tekniske spørsmål frå skolens it-ressurs utover det som er nevnt over, men de kan vere behjelpeleg ved ledig kapasitet. Du må sjølv bruke serviceavtalen du har med butikken og sende inn pcen. Hugs at du alltid må ha ein pc til undervisninga, så serviceavtalen må dekke låne-pc.
Spørsmål om dagleg bruk:
Kontaktlærar eller avdelingsleiar kan ofte hjelpe deg.
Gode råd:
• Gå aldri frå PC-en din utan tilsyn.
• Den bør låsast inn i skap i klasserommet ditt når du ikkje sjølv passar den.
• Snakk med dine føresette om forsikring av utstyret ditt. Ved tjuveri er det di eiga forsikring som skal dekkje tapet.
• Pass godt på brukarnamnet og passordet ditt. Bruk trygge passord (minst 7 teikn).
• Du kan bli ansvarleg for det andre gjer om dei får tilgang til brukaridentiteten din
Ditt ansvar
Om bruk av skolens datanett
Du er pliktig til å sette deg inn i det som står om «IKT-reglement for elevar ved MRfylke sine vidaregåande skolar» og skolens eige reglement.
I utgangspunktet er det klare reglar for bruk av datanettet til skolen:
§ 6-1 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar på måtar som strid mot opphavsretten etter åndsverklova.
§ 6-2 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar på måtar som krenker grenser for sømeleg og anstendig åtferd, eller som er krenkjande.
§ 6-3 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar til å framsette truslar og hets, utøve mobbing eller opptre på rasistisk vis.
§ 6-4 Brukaren skal på elevnettet og Internett opptre ærleg, høfleg og vise respekt for andre personar sitt livssyn, nasjon og rase.
§ 6-5 Brukaren skal vere kritisk før eit epostvedlegg vert opna. frå ein sendar brukaren ikkje kjenner, eller med eit innhald som verkar useriøst eller uforståeleg. Sanksjoner
§ 7-1 IKT-reglementet er ein del av skolereglementet. For brukarar som bryt reglane i dette reglementet vil tiltak bli vurdert et r dei reglane som er fastsett i skolereglementet. I særlege tilhøve vil brot på reglementet kunne føre til erstatningsansvar og straffeansvar.
§ 7-2 For brukarar som bryt reglane i dette reglementet kan brukarkontoen bli sperra.
§ 7-3 Mistanke om lovbrot kan bli meldt til politiet.
§ 7-4 Alvorlege brot på dette reglementet skal rapporterast til skolen si leiing. Ved skolene i Møre og Romsdal fylke vil vi være helt tydelige på at dersom mobbing via internett kan knyttes til skoleaktiviteter, så vil vi reagere strengt på dette. Våre videregående skoler skal være en trygg arbeidsplass både for elever og lærere!
Mobbing
Ved skolane i Møre og Romsdal fylke vil vi vere heilt tydelege på at dersom mobbing via internett kan knyttes til skoleaktivitetar, så vil vi reagere strengt på dette. Vi viser også til Utdanningsdirektoratet sin ressurs om nettmobbing.
Våre videregående skoler skal vere ein trygg arbeidsplass både for elevar og lærarar!
Lykke til!


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)