Info
Svar på inntak til vidaregåande opplæring skoleåret 2010-2011
Svar på inntak til vidaregåande opplæring vil vere klart 9. juli, og svarfristen er 16. juli. Svar på tilbod skal gjevast på vigo.no og søkjarane må bruke sitt personlege passord eller PIN-kodar til MinID for å gå inn og svare.
Dersom ein har mista sine PIN-kodar til MinID må ein kontakte Skatteetaten. Ein må huske at PIN-kodar til MinID blir sendt til den folkeregistrerte adressa, og det kan ta nokre dagar før ein får desse i posten.
Dersom ein har gløymd passordet sitt kan ein prøve å få nytt via vigo.no, og dersom dette ikkje går må ein kontakte MinID.
Dersom ein ikkje går inn og svarar på tilbod om skoleplass eller ventelisteplass innan fristen 16. juli mister ein tilbodet og har ikkje krav på å få eit nytt.
Utdanningsavdelinga vil sende ut SMS med påminning om at inntaket er gjort til dei søkjarane som har lagt inn sitt mobilnummer på søknaden på sin, men søkjaren treng ikkje å få ei slik påminning for å gå inn og svare på tilbod. Inntaket vil vere synleg på vigo.no frå og med 9. juli. Søkjarar som ikkje har lagt inn mobilnummer på søknaden sin vil som før få svar med svarslipp i posten. Dei kan enten sende oss svarslippen per post, eller gå inn på vigo.no for å svare.
Søkjarane kan allereie no gå inn på vigo.no og legge inn førehandssvar dersom dei veit at dei er bortreist på ferie og ikkje vil ha tilgang på Internett når svaret om inntak kjem. Dersom ein legg inn førehandssvar treng ein ikkje svare innan svarfristen, men kan gå inn og sjå kvar ein har fått tilbod om plass, samt dato og tidspunkt for oppmøte ved skolen når ein kjem heim att frå ferie.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)