Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Info

Kulturkort for ungdom

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
24. juli 2008, kl. 18.19

Kulturkort for Ungdom er ei rabattordning for ungdom i alderen 16-20 år. Ved å vise gyldig legitimasjon vil ungdom oppnå 25 prosent rabatt på ordinær billettpris ved utvalde kulturinstitusjonar i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal skal no vere med i ei prøveordning med Kulturkort for ungdom. Kulturkortet er finansiert av Kultur- og Kirkedepartementet (500.000) og Møre og Romsdal fylke (600.000).

I forhold til andre fylker som er med på prøveordninga har Møre og Romsdal vald å organisere ordninga med minst mogleg byråkrati.

- Dette gjer vi gjennom å ikkje innføre eit fysisk kort, ikkje innføre eigenandel og søknadsprosedyrer for ungdom, seier rådgjevar for kulturformidling i fylket Hege Gagnat. - Vi meiner dette vil skape ein lågast mogleg terskel for ungdom til å nyttegjere seg av Kulturkortrabatten.

Asgeir Hustad, Hege Gagnat og Thea Amundsen

Gjennom å tilby rabatterte billettar vil ungdom kunne delta på kulturarrangement i større grad enn i dag. Dette vil tene kulturlivet i fylket gjennom auka publikumstal. Saman med Ungdomskortet vil Kulturkort for ungdom kunne auke trivselen for ungdom i fylket, og er såleis eit tiltak i tråd med Møre og Romsdal fylkes
si strategiplan.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord