Info
Har du det i deg?
Det er spørsmålet lærarstudent Jo Fredrik Øiamo frå Høgskulen i Volda vil stille ungdom i dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Spørsmålet, og ein test på om ein har det som trengst for å bli lærar, er ein del av den nasjonale GNIST-kampanjen for å rekruttere fleire til læraryrket.
Jo Fredrik og ein representant frå lærarstanden vil vere å treffe på ein stand under yrkesorienteringane ved dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal.
Viktig jobb
- Å vere lærar er ein viktig jobb. Å finne dei rette lærarane for framtida er ei viktig oppgåve. Det handlar om å få søkjarar til lærarutdanningane, seier Jo Fredrik som vil trekke fram det breie og gode utdanningstilbodet for lærarar i Volda, den gode arbeidsmarknaden for lærarar og det eineståande studentmiljøet i den tradisjonsrike skulebygda.
Testen finn du her (www.hardudetideg.no)
Les meir på Høgskolen i Volda sine nettsider her:


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)