Info
Eksamen!
Det nærmar seg eksamen. Korleis handtere eksamensangst? Kva bør du ete på eksamen? Kvar bør du følgje med for å få den informasjonen du treng?
Her er nokre tips og råd:
På http://www.utdanningsdirektoratet.no/Tema/Eksamen/Eksamen-i-videregaende-opplaring/ finn de informasjon frå Utdanningsdirektoratet om eksamen. Her er t.d. tidlegare gitte eksempel- og eksamensoppgåver.
På www.privatistweb.no under Møre og Romsdal finn du all informasjon og oppmelding til privatisteksamen.
På http://www.studenttorget.no/index.php?show=3378&expand=3795,3378&artikkelid=5937 kan du finne råd om korleis du på best mogleg måte kan førebu deg og gjennomføre eksamen m.m. Til dømes finn du ti tips om korleis du kan handtere eksamensangst:
10 tips mot eksamensangst:
- Ikkje skyv eksamen unna – du må gjennomføre den uansett. Hugs: Eksamen er berre ei arbeidsoppgåve!
- Styrk motivasjonen din; finn eit godt motto som hjelper deg til det.
- Legg merke til pusten din. Du lærer betre dersom du ikkje er så anspent.
- Start med lesinga i god tid. Få oversikt over pensum og sentrale omgrep.
- Tenk gjennom kva du skal gjere på eksamensdagen. Lag deg ein prøveeksamen.
- Gjer deg kjent med eksamenslokalet.
- Ta deg tid til å lade batteria. Slapp av kvelden før eksamen.
- Et og sov godt før eksamensdagen.
- Når du får oppgåva: - Les den grundig.
- Beveg deg og ta pauser under eksamen.


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)