Du bestemmer
Ungdomspanelet ønskjer engasjement rundt saka om Møreuniversitet
08. feb 2010, kl. 11.28
I forbindelse med vedtak i Ungdommens fylkesting 2009 har Ungdomspanelet (UP) jobba med saka "Møreuniversitet". Som eit resultat av arbeidet så langt har UP kome med ei uttale.
Uttalen frå UP kan du lese her:
MØREUNIVERSITET - uttale frå Ungdomspanelet
Ungdomspanelet (UP) i Møre og Romsdal har i møte den 07.12.09 og 22.01.10 behandla saka: ”Møreuniversitet”. Under Ungdommens fylkesting (UFT) i 2009 fremma representant, Krister Krogsæter frå Ålesund, dette som sak og den ble satt på sakslista. Følgjande ble vedteke i sak UFT 11-09, Møreuniversitet: ”Saka om Møreuniversitet oversendast til det nye Ungdomspanelet for vidare handsaming”.
Fylkestinget behandla i sak T-93/09 ein interpellasjon frå representanten Åge Austheim vedr. Møreuniversitet. Spørsmålet som gjekk til fylkesordføraren var ”Kva er statusen på dette prosjektet og korleis meinar han vi bør jobbe vidare for å bidra til realisering av Møreuniversitet i overskodeleg framtid?”
Svaret frå Fylkesordføraren var svært positivt, og UP delar hans syn. UP vil støtte tankane som både Åge Austheim gir i sin interpellasjon og det Fylkesordføraren gjev i sitt svar.
Eit universitet i Møre og Romsdal vil bety mykje for heile fylket. Vi er einig med Austheim i at et universitet her kan knytast opp mot den næringa vi har her, og sørgje for at dei som bor i Møre og Romsdal kan ta høgare utdanning i det same fylket som dei og skal kunne jobbe i. Det er også ein viktig faktor når det gjeld å auke tilflytting til fylket og hindre fråflytting.
I Nærings – og miljøutvalet den 02.02.2010 ble sak, NM-2/10 A -- Prosjekt MøreAlliansen 2010 - søknad om økonomisk støtte, behandla og følgjande ble vedteke:
Nærings- og miljøutvalet løyver Høgskolen i Molde, Høgskolen i Volda og Høgskolen i Ålesund til saman inntil kr 2 200 000,- til prosjekt MøreAlliansen 2010.
Om høgskolane ikkje skulle få dei nødvendige midlane frå Kunnskapsdepartementet for å få gjennomført prosjektet jamfør planen, vil nærings- og miljøutvalet garantere for ei løyving på til saman inntil kr 2 800 000,-.
Løyvinga vert gitt frå Tiltaksfondet.
UP meiner at dette er eit viktig vedtak og kjem til å følgje saka om Møreuniversitet nøye. UP ønskjer alt engasjement rundt denne saka velkomen.
Ida Andrine Heggset
leiar Ungdomspanelet
Vetle Wang Soleim
Nestleiar Ungdomspanelet


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)