Du bestemmer
Averøy kommune kåra til Årets Ungdomskommune 2008
27. mai 2009, kl. 14.56
Tysdag den 26 mai fekk Ungdomsrådet på Averøy overekt det endelege beviset på at Averøy kommunen er kåra til Årets Ungdomskommune 2008 av Ungdommens Fylkesting.
Averøy kommune fekk prisen for sitt arbeid med å legge til rette for medverknad for ungdom, for å ha skapt gode møtetstader og eit allsidig fritidstilbod. Dei tre representantane Vetle Wang Soleim, Stine Hellesfjord og Asgeir Stavik Hustad frå Ungdomspanelet i Møre og Romsdal tok turen til Ungdomsrådet på Averøy med det endelege beviset på at kommunen blei kåra til Årets Ungdomskommune 2008 av Ungdommens fylkesting. På vegne av kommunen mottok Ungdomsrådet på Averøya ein diplom, blomster og invitasjon til ein innhaldsrik dag saman med Ungdomspanelet på Fylkeshuset i Molde.
Sjå meir på Tidens Krav sine nettsider: http://www.tk.no/nyheter/article4357879.ece


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)