Du bestemmer
Gjeldande retningsliner for ungdomsmidlane
Skrive av Hallvard Lavoll
09. okt 2008, kl. 12.11
09. okt 2008, kl. 12.11
Her kan du lese dei 9 retninglinjene for bruk av Ungdomsmidlane
-
Ungdomspanelet i Møre og Romsdal fylkeskommune disponerar ei økonomisk ramme på
kroner 250 000,- til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. -
Ungdomspanelet fordeler tilskot 2 gonger årleg, i april og desember. Saka blir lagt fram
utan tilråding. -
Tilskot blir gjeve til prosjekt som stimulerar til ungdomsengasjement i fylket, og skal gå
til alternative ungdomsaktivitetar som ikkje elles får støtte frå det ordinære budsjettet til
fylkeskommunen. -
Ungdomspanelet er forplikta til å annonsere om søknadsfrist i god tid for tildeling av
midlane. -
Administrasjonen må syte for at dei som søkjer om stønad får snarleg tilbakemelding om
behandlingsprosedyren for slike saker. For søknader som kjem inn lenge før neste tildeling
(til dømes meir enn ein månad før) må det sendast melding til søkjaren om når avgjerde blir
teken. -
Krav til kontroll av bruk av midlane: Når det er fylkeskommunale midlar eller midlar
fylkeskommunen står som formidlar av, blir ytt tilskot m.v. til offentleg og privat verksemd
som elles ikkje er underlagt fylkesrevisjonens kontroll, skal det, dersom ikkje anna er
fastsett, overfor mottakaren takast atterhald om at den som yter tilskotet m.v. eller
fylkesrevisjonen, skal ha høve til å iverksetje kontroll med at midlane blir brukt etter
føresetnaden. -
Tildelte midlar blir først utbetalte når mottakaren kan dokumentere at tiltaket som har
fått fråsegn om ungdomsmidlar er i gong eller investeringa ein har fått fråsegn om
ungdomsmidlar til er gjort. -
Utbetalte midlar som ikkje har blitt brukt til føremålet ungdomspanelet tildelte
ungdomsmidlane til, eller der innrapportering om bruken ikkje er tilfredsstillande, vert kravd
tilbakebetalt. -
Når ungdomspanelet gjer tildelingsvedtak, vil ein samstundes setje ein dato som
markerar siste frist for bruk av tildelte ungdomsmidlar og frist for innrapportering om
bruken.
Retningslinene vart reviderte av ungdomspanelet i Møre og Romsdal i møte 21.10.03 (SakUP 08/03).

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)