Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Du bestemmer

Ungdommens fylkesting 2011

Anne Berit Svenkerud Halle
Skrive av Anne Berit Svenkerud Halle
30. aug 2011, kl. 10.05

Ungdommens fylkesting (UFT) 2011 vert arrangert på Rica Parken Hotel i Ålesund frå den 11. – 13. november. Her finn du meir informasjon om arrangementet. Påmeldingsfristen er nå ute og skjemaet for påmelding stengt. Ta kontakt med rådgivar Anne Berit Svenkerud Halle på absh@mrfylke.no med spørsmål kring dette.

Endeleg saksliste og program vil bli sendt ut i løpet av ei veke.

Ungdomspanelet og administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommunen er no i gång med å planleggje Ungdommens fylkesting(UFT) i november. No jobbar vi med sakslista og program for UFT.

Ungdommens fylkesting (UFT) 2011 vert arrangert på Rica Parken Hotel i Ålesund frå 11. – 13.november.

Val av representantar

Alle kommunane i Møre og Romsdal skal sende to representantar kvar til Ungdommens fylkesting. Representantane skal:

· vere mellom 13 og 23 år

  • · vere ein gut og ei jente
  • · ha personleg vararepresentant
  • · helst veljast frå ungdomsrådet/ungdommens kommunestyre. Er dette ikkje mogleg oppmodar vi om å velje representantar frå elevråd, styre i fritidsklubbar eller liknande.

For dei som ikkje har valt nytt ungdomsråd innan fristen for påmelding ønskjer vi at dykk sender to representanter frå det ”gamle” ungdomsrådet. Dei vil så kunne gje ei orientering vidare om UFT når ein har valt nytt råd.

Påmelding

Påmelding skjer elektronisk og det er kontaktpersonen/koordinatoren i kommunen som skal ta ansvar for påmeldinga. Påmeldingsskjema når ein via skjema i denne artikkelen her på UNGweb.no

Påmeldingsfristen er 15. oktober

Husk å fylle ut alle felta i skjemaet. Koordinatorane inviterast til å delta som observatørar. Kommunane må sjølve dekke kostnadane for koordinatorane. Påmelding for koordinatorar skjer saman med påmelding av representantar.

VIKTIG!

Opplysningar om allergiar og andre behov til deltakarane må sendast direkte til koordinator for UFT; Anne Berit Svenkerud Halle på mail absh@mrfylke.no. Det er kontaktpersonen i kommunen sitt ansvar å sørgje for at slik viktig informasjon blir sendt til arrangør.

Påmeldingsskjemaet er nå stengt. Ta konatkt med rådgivar Anne Berit Svenkerud Halle på absh@mrfylke.no angående påmeling eller endringer.

Praktisk

Reise, overnatting og måltid for ungdomsrepresentantane vert dekt av Møre og Romsdal fylkeskommune. Representantane betalar for reisa sjølv og får tilbakebetalt reiseutgiftene etter UFT. Møre og Romsdal fylkeskommune dekkar ikkje utgifter til ungdomskortet, berre utgiftene som samsvarar med reisestrekninga. Vi anbefalar alle representantar å bruke kollektivtransport til og frå Ålesund. Vi ber om at kontaktpersonen i kommunen hjelper representantane med å finne reiserute til og frå. Representantane skal bu på dobbeltrom og trippelrom og vert plasserte saman med andre av same kjønn. Det vil seie at ein ikkje kjem til å bu på rom saman med den andre representanten frå same kommune.

Vi understrekar at UFT er eit alkoholfritt arrangement og at ingen form for rus vil bli tolerert.

Førebels program ser slik ut:

Fredag 11. november

Kl 14:00: Oppmøte og registrering

Kl 14.30: Åpning av Ungdommens fylkesting

Kl 18:30: Åpen runde

Kl 19:30: Middag

Kl 20.30: ”Spør ein politikar”; paneldebatt og sosialt

Kl 24:00: Stille

Laurdag 12. november

Kl 08.00: Frokost

Kl 09 – 14: Ungdommens fylkesting; konstituering, val av redaksjonskomitear, UFT-saker

Kl 13.00: Lunsj

Kl 14.00:Ungdommens fylkesting fortsett

Kl 19:00: UFT Festmiddag. Vi pyntar oss

Kl 20.30: Sosialt

Kl 24:00: Stille

Søndag 13. november

Kl 08.00: Frukost

Kl 09 - 14: Handlingsprogram Ungdomspanelet, Årets ungdomskommune, UFT-saker

Kl 14.00: Lunsj

Avreise

Hugs pent antrekk til festmiddagen laurdag kveld!

Sakslista til UFT

Ungdomspanelet jobbar no med å skrive sakspapir til UFT saman med administrasjonen i fylkeskommunen.

Her er den førebelse sakslista. Her kan det kome endringar.

UFT 01-11 KONSTITUERING

a) Godkjenning av innkalling

b) Val av ordstyrar

c) val av protokollførarar

d) Godkjenning av forretningsorden

e) Val av protokollunderskirvarar

f) Godkjenning av saksliste

g) Godkjenning av dagsorden

h) Val av teljekorps

UFT 02-11 VAL AV REDAKSJONSKOMITEAR

UFT 03-11 RAPPORTAR

a) Ungdomspanelet sin årsrapport

b) Elev- og lærlingsombodet sin årsrapport

UFT 04-11 Kulturabatten

UFT 05-11 Rusmanifest

UFT 06-11 Auka satsing på gang og sykkelveg

UFT 07-11 Politikk i skulen

UFT 08-11 Gruppeoppgåve

UFT 09-11 Nynorsk, bokmål eller valfritt? Målform i Møre og Romsdal fylkeskommune

UFT 10-11 Økonomiplan

UFT 11-11 ÅRETS UNGDOMSKOMMUNE

UFT 12-11 HANDLINGSPROGRAM FOR UNGDOMSPANELET

UFT 13-11 VAL AV UNGDOMSPANEL

Endeleg program og sakspapir blir sendt ut saman med sakspapira i oktober

Årets ungdomskommune

Kvart år deler Ungdommens fylkesting ut prisen “Årets Ungdomskommune i Møre og Romsdal”. Prisen går til ein kommune som har utmerka seg ved å:

· legge til rette for medverknad frå ungdom

  • · skape gode møtestadar for ungdom
  • · legge til rette for eit allsidig fritidstilbod for ungdom
  • · eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen.

Kommunar kan nominerast av alle som har ein tilknyting til Møre og Romsdal. Nomineringa må innehalde ei grunngjeving.

Nomineringsfrist er 1. oktober.

Er det spørsmål ta kontakt med koordinator Anne Berit Svenkerud Halle på absh@mrfylke.no eller ring 98 41 30 03

Velkommen til Ungdommens fylkesting 2011!

Med helsing    
   
Ida Andrine Heggset     Anne Berit Svenkerud Halle

Leiar Ungdomspanelet

ungdomspanelet@mrfylke.no

   

Rådgivar/koordinator

absh@mrfylke.no

mob 98413003

         
UFT 2010
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord