Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Du bestemmer

Ungdommens Fylkesting 2008 i Molde 14. – 16. november

Administrator User
Skrive av Administrator User
27. mai 2008, kl. 11.49

Årets Ungdommens Fylkesting (UFT) blir i år arrangert på Quality Hotell Alexandra i Molde.

Kva er Ungdommens Fylkesting?

Kvart år møter to ungdommar frå kvar kommune i Møre og Romsdal til Ungdommens fylkesting. I tillegg til å bli kjente med andre ungdommar blir det diskutert viktige saker som påverkar kvardagen til ungdom i fylke. Vedtak fatta av UFT er viktige og rettingsgjevande for politikarane i fylke. Dei som er med på UFT lærer også mykje om fylket vårt. Kvart år blir det invitert forskjellige gjester som stiller med kunnskap og engasjement. UFT-kveldane er kjende for å vere svært sosiale og alle reiser heimatte etter UFT med fleire nye kjente.

 

Fredag 14. november - Seminardag for ungdomsrepresentantar og koordinatorar

Nytt i år er at UFT strekker seg over ei helg og at fredagen skal brukast til seminar og parallellsesjonar. I tillegg til dei to representantane frå kvar kommune er alle koordinatorar som jobbar med ungdomsråd lokalt invitert med på programmet fredag. Her kan koordinatorane møte UFT, bli kjent med aktuelle saker samt dele erfaringar med likesinna i andre kommunar.

 

Påmelding
Det blir elektronisk påmelding på www.ungweb.no frå 1. september med påmeldingsfrist 1. oktober. Kontaktpersonen i kommunane bør ha ansvar for påmeldinga.

 

Val av nytt ungdomspanel

Under UFT skal det veljast nytt ungdomspanel for perioden 2008/2009. Ein valkomité vil jobbe under UFT med å intervjue alle som ønskjer å stille til val. Ungdomspanelet jobbar mellom UFT. Dei har om lag 8 møter i året og skal representere ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå. I tillegg skal ungdomspanelet ha kontakt med lokale ungdomsråd. Eit år i ungdomspanelet er svært spennande, gjev unike muligheiter til å bli kjent med andre ungdommar, det politiske systemet i fylket samt dra på forskjellige kurs og seminar. Dei som har spørsmål til vervet i ungdomspanelet eller kunne tenkje seg å stille til val kan ta kontakt med koordinator for ungdomspanelet på HLN@mrfylke.no

 

Saker til UFT

Ungdomspanelet oppmodar lokale ungdomsråd om å komme med forslag til saker UFT skal handsame. Det er Ungdomspanelet som til slutt skriv sakene og innstiller til UFT, men ein ønskjer eit stort utval av gode saker å velje i. Det er sjølvsagt avgrensa kor mange saker ein kan ta opp over ei helg. Ungdomspanelet vil freiste å velje ut gode, prinsipielle og dagsaktuelle saker.

Forslag til saker kan sendast til HLN@mrfylke.no 1. juni er siste frist for å sende inn forslag til UFT-saker

 

Årets ungdomskommune

Kvart år deler Ungdommens fylkesting ut prisen “Årets Ungdomskommune i Møre og Romsdal”. Prisen går til ein kommune som har utmerka seg ved å:

  • legge til rette for medverknad frå ungdom
  • skape gode møtestadar for ungdom
  • legge til rette for eit allsidig fritidstilbod for ungdom
  • eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen.

Kommunar kan nominerast av privatpersonar under 25 år. Nomineringa må innehalde ei grunngjeving. Nomineringsfrist er 1. oktober.

 

Framover

Følg med på Ungweb.no for meir informasjon om UFT.

 

  • 1. juni – frist for lokale ungdomsråd for å sende inn forslag til UFT-saker.
  • 1. september – Ungdomspanelet set opp saksliste for UFT2008.
  • September og oktober – Ungdomspanelet og koordinator skriv sakspapir.
  • 1. oktober – påmeldingsfrist for å melde på representantar og koordinatorar til UFT.
  • 1. oktober – first for å nominere til årets ungdomskommune
  • 17. oktober – utsending av sakspapir
  • 14. – 16. november – UFT-2008
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 2
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord