Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Du bestemmer

Til alle påmelde representantar til Ungdommens fylkesting 2008

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
24. okt 2008, kl. 12.21

Ungdomspanelet vil ønskje deg hjarteleg velkomen til Ungdommens fylkesting i Molde 14. – 16. november 2007 på hotell Alexandra.

Pass på at du skriv ned datoen i kalenderen din. Dumt om du gløymer det heile.

Før du kjem til Molde 14. november anbefalar vi at du:

  • Les gjennom sakspapira du her får tilsendt. Sakspapira ligg også på ungweb.no. Der kan du legge inn kommentarar, spørsmål eller utfyllande informasjon i kommentarfeltet
  • Diskuterar sakene med ungdomsrådet ditt, venner, klassen, eleverådet eller andre rundt deg.
  • Forberede deg til open runde og spørsmålsrunde til samferdsel og utdanning (les meir om dette lenger nede i brevet).
  • Finn ut korleis du skal komme deg til Molde (les meir om dette lenger nede i brevet).
  • Meld frå til hln@mrfylke.no om du må ha spesiell diett (diabetes, cøliaki, vegeterianar).
  • Meld frå til din koordinator og hln@mrfylke.no om du ikkje kan komme likevel.

 

Reise til Molde
Vi anbefalar TIMEkspressen til Molde:

  • Frå Kristiansund går TIMEkspressen 08:05 og er framme i Molde: 09:35.
  • Frå Volda går TIMEkspressen 06:50 via Moa 08:25 og framme i Molde: 10:08

Ungdomar frå Ungdomspanelet vil møte representantane som kjem med dei to bussane på bussterminalen i Molde og vise veg til Alexandra.
Treng du hjelp til å sette opp reiserute ber vi deg ta kontakt med koordinator i kommunen eller ta kontakt med hln@mrfylke.no. Ungdomspanelet anbefalar bruk av ungdomskortet.

Reise, overnatting og måltid for ungdomsrepresentantane vert dekt av Møre og Romsdal fylke. Representantane betalar for reisa sjølv og får tilbakebetalt reiseutgiftene etter UFT. Møre og Romsdal fylke dekkar ikkje utgifter til ungdomskortet, berre utgiftene som samsvarar med reisestrekninga.

Husk å ta vare på reisekvitteringar for refusjon. På UFT vil reiserekningsskjema bli gjennomgått.

 

Når du kjem til UFT i Molde skal du registrere deg. Då får du utdelt:

  • Namneskilt
  • Kanskje oppdaterte sakspapir
  • Program
  • Vedtektene
  • Informasjon frå valkomiteen
  • Rapportar


Under Ungdommens fylkesting

  • Bruk av alkohol eller andre rusmiddel er strengt forbode, og fører til heimsending for eiga regning. Representanten som blir sendt heim må også betale for hotell og kost sjølve.
  • Ver presis. Følg med på programmet og det som blir gitt beskjed om. Dersom ein kjem meir enn 10 minutt for seint til tingsamlingane i møtesalen, får ein ikkje vere med på samlinga. Det er viktig at alle er presise.
  • Det er sjølvsagt lov å legge seg før rosignalet, og ein ber alle ta omsyn til dei som ønskjar å sove. Når rosignalet går, skal det vere stilt og alle vere på romma sine.
  • Det vil alltid vere vaksenpersonar til stades på hotellet. Desse vil bli tydelig presentert under møte. I tillegg vil alle namneskilta innehalde informasjon om namn og telefonnummer til vaksne.
  • Dersom nokon må forlate hotellet/området skal ein vaksen eller nokon i ungdomspanelet godkjenne fråveret. Det er verken tid eller lov til å dra frå hotellet til sentrum under møtet.
  • I tillegg til det sosiale programmet stiller Ungdomspanelet med nokre brettspel, men viss nokon har eit favorittspel kan de godt ta med det!
  • Spelar du gitar eller eit anna instrument du kan ta under armen er du hjerteleg velkommen til å ta det med og spele litt på kvelden.
  • Alle skal bu i fleirsengsrom, og vert plassert av oss saman med personar av same kjønn.

 

Korleis får du ordet under Ungdommens fylkesting

Når du skal snakke under Ungdommens fylkesting må du bruke ein talarstol med mikrofon slik at vi er sikre på at alle får med seg det du seier. Det kan verke litt skummelt i byrjinga, men ein blir fort vant med det.
Under møtet må ein gje teikn til ordstyrarane når ein ønskjer å ta ordet. Rekk opp det raude arket med delegatnummeret ditt slik at ordstyraren kan sjå og registrere det. Når du får eit lite nikk frå ordstyraren kan du ta ned skiltet og gjere deg klar til innlegget.

 

Open runde og spørsmål til politikarane
På fredag er det lagt opp til orientering frå kommunale ungdomsråd. Ungdomspanelet ønskjer at representantane orienterar resten av UFT om aktuelle ungdomssaker frå sin kommune slik at andre kan lære, bli inspirert eller inngå samarbeid. Ein eller begge representantane frå ein kommune får 2-3 min til å orientere UFT om aktuelle saker.

På fredag vil politikarar frå samferdselsutvalet og utdanningsutvalet orientere om aktuelle saker. Her vil det bli mulig for UFT-representantane å stille spørsmål til politikarane. Representantane blir anbefalt å tenkje ut spørsmål saman med sitt lokale ungdomsråd

 

Til slutt
Vi gler oss til å møte deg i Molde, og er sikre på at vi kjem til å få det kjempekjekt!
Med helsing
Fredric Bjørdal

Leiar i Ungdomspanelet

Mobil: 922 67 330

 

Hallvard Lavoll-Nylenna

koordinator

Mobil: 936 34 354

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord