Du bestemmer
UFT 11-08 Handlingsprogram for Ungdomspanelet
19. okt 2008, kl. 13.24
Kva skal Ungdomspanelet jobbe med neste periode?
Bakgrunn
Ungdommens fylkesting skal handsame og vedta kva Ungdomspanelet skal arbeide med, fokusere på og jobbe mot den neste perioden. For å gjere det mest mogleg oversiktleg vert dette samla i eitt dokument; handlingsprogrammet.
UFT står fritt til å bestemme kva saker Ungdomspanelet skal jobbe med i perioden 2008/2009. UFT kan vedta mange ulike saker, eller vedta at Ungdomspanelet skal jobbe med berre nokre få. Færre saker i handlingsprogrammet vil gje ekstra fokus og tid til sakene, medan fleire saker vil føre til mindre tid, men breiare fokus.
Vurdering
Ungdomspanelet meinar at handlingsprogrammet slik det var førre periode, vart for breitt og omfangsrikt. Handlingsprogrammet som vart vedteke sist UFT inneheldt svært mange konkrete saker og mål, og det vart vanskeleg for Ungdomspanelet å følgje opp alle så godt som UFT ville, då ein fekk for lite tid. Nokre slike saker er bra å ha, slik at ein har noko heilt konkret å jobbe mot og vise til, men vert det for mykje kan ein risikere at Ungdomspanelet ikkje får følgt opp handlingsprogrammet skikkelig.
I fjor vedtok UFT følgjande handlingsprogram:
| LOKALE UNGDOMSRÅD
UNGWEB.NO
OPPFØLGING AV VEDTAK FRÅ UFT-2007
KULTURKORTET
ANDRE SAKER:
|
Ungdomspanelet foreslår følgjande handlingsprogram for 2009
Lokale ungdomsråd
- Ungdomspanelet skal jobbe vidare for at alle kommunar i fylket skal ha eit aktivt og fungerande ungdomsråd. I tillegg bør kommunane ha gode rutinar for val, opplæring og oppfølging.
- Samarbeidserklæringa vedteken på UFT 2007 skal ligge til grunn for arbeidet.
Oppfølging av vedtak frå UFT 2008
- Ungdomspanelet skal følgje opp vedtaka gjort på UFT 2008 om xxx, xxx, xxx og xxxx
Nettstaden UNGweb
- Ungdomspanelet skal jobbe for å gjere nettstaden www.UNGweb.no til ein god møteplass og nettportal for unge i Møre og Romsdal.
- Ungdomspanelet skal sjølve vere aktive brukarar, og syne moglegheitene for reell medverknad i fylket gjennom forumaktivitet og relevante artiklar.
Elevorganisasjonen og Elev- og lærlingombodet
- Ungdomspanelet skal halde fram med å ha eit godt samarbeid med Elev- og lærlingombodet i fylket, som er ein viktig medspelar og ressurs, spesielt i Utdanningsutvalet og opp mot utdanningsavdelinga.
- Ungdomspanelet skal betre samarbeidet med Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal, delta på elevforsamlingane, og samarbeide i saker der det er naturleg.
Andre saker:
- Ungdomspanelet skal arbeide for eit billegare ungdomskort.
Forslag til vedtak
Ungdommens fylkesting vedtar handlingsprogram for Ungdomspanelet 2008-2009 med eventuelle endringar.


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)