Du bestemmer
UFT 07-08 Stemmerett for 16-åringar
19. okt 2008, kl. 13.40
Burde dei mellom 16 og 18år få lov til å stemme ved kommune- og fylkestingval? Ungdommens fylkesting skal prøve å komme fram til eit svar.
Bakgrunn
Det har i alle tider vore debatt om kor gammal ein må vere for å ha stemmerett ved val. I 1945 fekk du stemme ved ein alder på 23 år, men det var forslag om å senke kravet til 21 år. Då blei det hevda at ein ville opne opp for uansvarlige og umodne personar til å kunne vere med å bestemme. I dag er stemmerettsalderen 18 år, og no rasar debatten att, denne gongen med forslag om å senke stemmerettsalderen ved lokalval, altså kommune- og fylkestingsval, til 16 år.
Om saka
Ved kommune- og fylkestingsvalet i 2011 er det mogleg for kommunane å søkje om å innføre stemmerett for 16-åringar som ei prøveordning. Dette er det mange kommunar, også i Møre og Romsdal, som vurderer.
I dag er stemmerettsalderen lik myndigheitsalderen. Når ein er gammal nok til å stemme er ein også gammal nok til å vere folkevalt sjølv; ein kan bli både kommunestyrerepresentant og ordførar. Dersom ein vel å senke stemmerettsalderen til 16 år, bør då myndigheitsalderen følgje etter, slik at 16-åringar kan verte folkevalte og til dømes sitje i kommunestyre rundt om?
Vurdering
Ungdomspanelet meiner dette er ein vanskeleg debatt, og ser både positive og negative sider med å senke stemmerettsalderen, og vi har lista opp nokre av dei:
Fordelar:
- Det blir sett større fokus på ungdomssaker.
- Ungdomar blir høyrt, og det blir lagt meir til rette for dei.
- Ungdom blir meir engasjert i politikken, då dei får høve til å påverke det som skjer rundt seg i mykje større grad
Ulemper:
- Mange er usikre på kva dei vil stemme og kva parti som passar best for dei.
- Valdeltakinga blant denne aldersgruppa blir kanskje ikkje så stor.
- Enkeltsakar kan bli for viktige for kva parti som får ungdomane si stemme, og ideologiane til partia kan verte gløymt.
Ungdomspanelet meiner at dersom det skal verte aktuelt å senke stemmerettsalderen, må det på plass meir politikk i skulen. Ikkje berre i samfunnsfagundervisninga, men i alle relevante fag. Elevråda må styrkast og bli gitt ein meir sentral plass i skulekvardagen. Dei ulike politiske partia må vere sentrale medspelarar i prosessen med å gje ungdom meir politisk innsikt. Dei må gje ungdommane ei betre innføring i ulikskapane mellom dei ulike partia og kva grunnverdiar som ligg til grunn for deira politikk. Dette kan dei gjere gjennom kursing av elevar og lærarar. Ungdomspanelet likar ikkje at det er så lite fokus på politikk og samfunnsengasjement i skulen i dag, og dette er det svært viktig å få gjort noko med dersom ein skal vurdere å senke stemmerettsalderen.
Ungdomspanelet kjem her med to forslag til vedtak. Det blir opp til UFT om dei vil bruke ein av dei eller skrive eit heilt nytt vedtak.
Forslag til vedtak:
Alternativ 1:
Ungdommens fylkesting går inn for stemmerett for 16-åringar. Ungdommens fylkesting oppfordrar alle kommunar i Møre og Romsdal til å delta i prøveordninga med val for 16-åringar. Etter enda prøveordning vil Ungdommens fylkesting at prøveordninga skal bli evaluert med tanke på deltaking og utbytte. Ungdommens fylkesting forlangar at det blir meir fokus på politikk i skulen slik at ungdom skal få eit best mogleg grunnlag for å stemme.
Alternativ 2:
Ungdommens fylkesting går ikkje inn for stemmerett for 16-åringar. Ungdommens fylkesting meinar at 16-åringar ikkje er modne nok til å ta eit reflektert og gjennomtenkt nok val når det gjeld kven dei vil skal styre deira kommune og fylke. Dersom det skal bli aktuelt å innføre stemmerett for 16-åringar, må ein få meir fokus på politikk i skulen slik at ungdom får eit best mogleg grunnlag for å stemme.


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
27 oktober, 2008
11.55
Dette er en interessant sak, som de aller fleste har et syn på.
Så skriv hva du mener, det trengs!