Du bestemmer
UFT 05-08 Kulturkort for ungdom i Møre og Romsdal fylke
19. okt 2008, kl. 17.07
Korleis auke bruken av Kulturkort for ungdom?
Bakgrunn
Kulturkort for ungdom er ei rabattordning for ungdom i alderen 16-20 år. Ved å vise gyldig legitimasjon vil ungdom oppnå 25 prosent rabatt på ordinær billettpris ved utvalte kulturinstitusjonar i Møre og Romsdal, som for eksempel kino, teaterforstillingar, Moldejazz 2008, og liknande. På kino gjeld kulturkortet for ungdom ned til 15 år.
Møre og Romsdal fylke har i år hatt denne ordninga som et pilotprosjekt, altså ein prøveordning. Kulturkortet er finansiert av kultur- og kirkedepartementet (500 00 kr) og Møre og Romsdal fylke (600 000 kr).
I motsetning til andre fylker som er med på prøveordninga har Møre og Romsdal valt å organisere ordninga med minst mulig byråkrati. Dette har blant anna ført til at «kortet» ikkje er eit fysisk kort, og slik sparer både fylket og brukarane tid og pengar. Systemet vi bruker no er med på å minske terskelen for ungdom til å nytte seg av kulturkortrabatten.
Fylket har som mål at ungdom i Møre og Romsdal i større grad skal nytte seg av kulturtilbod, og Kulturkortet er oppretta nettopp av den grunn.
Om saken
Det er berre brukt litt over 100 000 av til saman 1.1 millionar som er satt av. Ein grunn til at kulturkortet har blitt brukt såpass lite kan være dårlig mediadekning og marknadsføring. Eit døme på dette er at fleire av dei som sel billettar ikkje kjenner til kulturkortet. Då er det heller ikkje så overraskande at ungdom ikkje kjenner til ordninga.
Skal ungdom få det same billige kulturtilbodet for 2009, må ungdom verkelig vere frampå og nytte seg av dei tilboda kulturkortet gir. Nyttar ikkje ungdommane seg meir av tilbodet, vil det bli vanskelig å få til same tilbod i 2009. Det er slett ikkje sikkert at fylket vil vidareføre dei midlane som ble satt til rådighet i 2008. Dersom ein ikkje ønskjer å vidareføre kulturkortet kan det kanskje bli aktuelt å søke om å få bruke kulturkortmidlane til andre ungdomstiltak.
Vurdering
Ungdomspanelet meiner at Kulturkortet er ein god ordning og at den bør vidareføres i 2009. Ein føresetnad for at dette skal være aktuelt er at bruken av Kulturkortet aukar kraftig. Ungdomspanelet ser ingen grunn til at fylket skal sette av midlar til ei ordning som ikkje blir brukt. For at Kulturkortet skal bli meir brukt, ser Ungdomspanelet det som nødvendig å evaluere Kulturkortet grundig, spesielt med fokus på brukervennlighet og marknadsføring.
Forslag til vedtak
Ungdomspanelet skal ta initiativ til ei evaluering av Kulturkortet, og jobbe for at ordninga vert vidareført i 2009, og at ordninga vert betre synleggjort slik at bruken aukar.
Notat
Frå Hege Merethe Gagnat til Kulturutvalet 07. november 2008
Kopi: Ungdommens Fylkesting
Kulturkort for ungdom – orientering til Kulturutvalet
Kulturkort for ungdom blei satt igang 01.12.2007. Kulturkortet er finansiert av kultur- og kirkedepartementet (500 00 kr) og Møre og Romsdal fylke (600 000 kr).
Møre og Romsdal fylke har så langt fått førespurnad om å inngå avtale med: Aukra kommune, Aure kommune, Giske kommune, Herøy kommune, Rindal kommune, Smøla kommune, Stordal kommune, Sula kommune, Vanylven kommune, Ørskog kommune, Ingebrikt Davik-huset, Herøy kulturhus, Braatthallen, Rauma kulturhus, Rindalshuset, Stordalshallen, Storfjord Kulturhus, Sunndal Kulturhus, Surnadal Kulturhus, Sykkylven Kulturhus, Sjøborg Kulturhus, Ørsta Kulturhus og Ålesund Kulturshus, Caroline kino, Molde kino, Rindal kino, Tomrefjord kino, Volda Filmteater, Ålesund kino, Operaen i Kristiansund, Teatret Vårt, Kulturkvartalet
Desse tilbyr ungdom mellom 16 og 20 år 25 % rabatt på kjøp av billett ved framsyning av legitimasjon. Kinoane tilbyr rabatten frå fylte 15 år grunna aldersgrensa for vaksenbillett.
Som eit ekstraforsøk blei det gjort avtale med Molde Internatjonal Jazzfestival om å tilby 50% rabatt ved kjøp av 3-dagerspass på Romsdalsmuseet. Tilsvarande avtale om 50% rabatt blei inngått med Jugendfest i Ålesund.
Tendensen så langt er at ungdom nyttar rabatten først og framst ved kinobesøk. Ekstrasatsinga under Moldejazz og Jugendfest viste gode tal. Til dømes solgte Moldejazz 381 3-dagerspass, langt fleire enn ordinære 3-dagerspass for Romsdalsmuseet.
Rekneskapstala viser rundt rekna 8.500 solgte rabatterte billettar så langt, som utgjer rundt rekna 350.000 kr i refusjon til kommunar/kino/institusjonar.
Det ser ut til at ungdom i varierande grad kjenner til ordninga. Det blei vald å bruke ungweb.no som portal for informasjon, samt at profilen til Ung i Møre og Romsdal blir brukt på materiellet. I avtalen som er sendt institusjonar og kommunar står det at dei sjølve er ansvarlege for marknadsføring utover tilsendt materiell. Informasjonsmateriell blei sendt alle videregåande skular i fylket.
Moldejazz og Jugendfest marknadsførte Kulturkortordninga i stort monn, noko som kan forklare eit godt salg på desse to enkeltarrangementa. Desse enkeltarrangementa fekk også gode mediaoppslag, og internett blei brukt i stort monn (m.a eigne Facebook-grupper).
I tillegg til å arbeide meir med marknadsføring av ordninga ser det ut til at Møre og Romsdal fylke meir aktivt må ”selge” ordninga for å få kommunar og institusjonar på bana. Nytt informasjonsmateriell må også vurderast. Vi ser også at det er forvirrande med namnet ”Kulturkort for ungdom” når det ikkje er innført eit fysisk kort.
På Ungdommens Fylkesting (UFT) 14.-16.november skal ”Kulturkort for ungdom” vere ei av sakene. Samarbeidet med UFT og Ungdomspanelet er viktig for å korrigere kurs og vidare satsingsområder.
Møre og Romsdal fylke skal levere evaluering og rapport til KKD i mars 2009.
I framlegget til Statsbudsjettet for 2009 står det:
”Regjeringen legger til rette for at barn og unge skal ha tilgang til et kunst- og kulturtilbud som er likeverdig med det de voksne får. Det skal legges til rette for at barn og unge utvikler kulturforståelse, og dette kan nås gjennom bl.a. den kulturelle skolesekken som formidler profesjonelle kunst- og kulturtilbud til elever i grunnskolen. Ordningen videreutvikles i tråd med stortingsmeldingen om skolesekken, og videregående skole innlemmes nå i ordningen. I 2006 ble det satt i gang en prøveordning med kulturkort for ungdom. Ordningen omfatter i alt 10 fylkeskommuner, og tilskudd til alle prøvefylkene blir videreført i 2009. Formålet med ordningen er å gjøre det rimeligere for ungdom å ta del i ulike kunst og kulturtilbud.”
Dette tyder på at Møre og Romsdal fylke får tildelt midlar også for 2009 frå KKD.


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
10 november, 2008
22.54
Men en annen ting jeg mener kanskje kunne fått opp bruken av "rabatten" er å senke den nedre aldersgrensa.
Jeg ble selv skuffet da jeg fant ut at jeg ikke fikk billigere pris, på feks kino.
Bare en tanke en kveld :)
10 november, 2008
13.15
10 november, 2008
08.20
Pga. det faktum at denne ordningen har fått navnet "ungdomskort" er det mange som trur det er et fysisk kort.
Dette gjelder ikke bare ungdommene, men også de som står i kassa og nekter på at vi som ungdommer har rett på noe rabatt.
(ja, snakker dessverre av egen erfaring her)
24 oktober, 2008
09.22