Du bestemmer
Invitasjon til UFT 2010 er no sendt ut til kommunane.
07. april 2010, kl. 09.31
Årset UFT skla avvikles i Kristiansund fra den 5. - 7 november. Nå er første info brev med påmeldingfrister mm send ut.
Ungdommens fylkesting 2010
Ungdomspanelet ønskjer med dette velkommen til Ungdommens fylkesting (UFT) 2010 den
5. – 7. november på Quality Hotell Grand, Kristiansund.
Kva er Ungdommens Fylkesting (UFT)?
Kvart år møter to ungdommar frå kvar kommune i Møre og Romsdal til UFT. I tillegg til å bli kjente med andre ungdommar blir det diskutert viktige saker som påverkar kvardagen til ungdom i fylke. Vedtak fatta av UFT er viktige og rettingsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal. Dei som er med på UFT lærer også mykje om fylket vårt. Kvart år blir det invitert forskjellige gjester som stiller med kunnskap og engasjement. UFT er kjende for å vere svært sosiale og alle reiser heim etter UFT med fleire nye kjente.
Nye vedtekter for Ungdomspanelet (UP) og UFT
Under UFT 2008 vedtok UFT nye vedtekter for UP og UFT. Under Fylkestinget den 19. - 21. april skal saka om nye vedtekter opp til endeleg behandling. Det kan medføre nokre endringar som påverkar årets UFT. Meir informasjon om dette kjem etter at vedtak er fatta i Fylkestinget.
Påmelding – nye rutinar
UFT arrangerast i år to uke tidlegare enn i fjor. Dette samt erfaringar frå i fjor om sein påmelding frå mange kommunar gjer oss nøydt til å stramme inn rutinane. Frist for endeleg påmelding setjast til
den 1 oktober. Då må vi ha mottatt påmelding gjennom ungweb.no frå alle kommunane med namn på representantane og deira vara.
Vi veit at mange av ungdomsråda har nytt val på ungdomsråd om hausten og ikkje vil ha gjennomført dette innan den 1 oktober. Vi ber difor desse kommunane vurdere å sende representantar frå det gamle rådet. Desse vil då ha god kjennskap til dei sakene som er viktige i sin kommune, dei vil ha god tid til å sette seg inn i sakene som skal behandlast under UFT og vil seinare kunne informere det nye rådet i sin kommune om vedtaka i UFT og kva som var viktig under samlinga.
Vi minnar og om at dei som velgast som representantar til UFT må kunne reise til og frå UFT på eige hand, dei skal representere sin kommune og må ha sett seg inn i UFT sakene på førehand.
Koordinatorsamling 14. september i Molde.
Det vil ikkje bli lagt opp til ei eiga koordinatorsamling under årets UFT. Vi ønskjer likevel alle koordinatorar hjarteleg velkomen som observatørar. Kommunane vil sjølve måtte dekke kostnadane for koordinator ved opphald og evt overnatting.
Det vil i staden bli ein eigen koordinatorsamling på Fylkeshuset i Molde på møterom 101 tysdag den 14 september. Sett av dagen og meld inn saker til møtet, innkalling kjem over sommaren.
Praktisk
Reise, overnatting og måltid for ungdomsrepresentantane vert dekt av Møre og Romsdal
fylkeskommune, kostnadane ved reise dekkes i etterkant mot reiseregning og kvittering. Vi anbefalar alle å bruke TIMEkspressen til Kristiansund. Det vil ikkje bli satt opp eigen buss til UFT og dei som velgast som delegatar må kunne reise på eigehand til og frå UFT. Vi ber om at koordinator for ungdomsråd hjelper representantane med å finne reiserute til og frå Kristiansund.
Representantane skal dele rom og vert plasserte saman med andre av same kjønn. Det vil seie at ein ikkje kjem til å bu på rom saman med den andre representanten frå same kommune.
Vi understrekar at UFT er eit alkoholfritt arrangement og at ingen form for rus vil bli
tolerert.
Førebels program ser no slik ut:
Fredag 5. november
Kl 13:00: Møte
Kl 14:00: Lunsj
Kl 15 – 19: Møte
Kl 19:00: Middag
Kl 20 – 21: Møte
Kl 22:00: Sosialt
Kl 23:30: Stille
Laurdag 6. november
Kl 09 – 14: Ungdommens fylkesting
Kl 14 – 15: Lunsj
Kl 13 – 18:Ungdommens fylkesting
Kl 18 – 19: Vi pyntar oss
Kl 19:00: UFT Middag
Kl 20.30: Sosialt
Kl 23:00: Stille
Søndag 7. november
Kl 09 – 14: Ungdommens fylkesting
Kl 14 Lunsj
Avreise
Endeleg program blir sendt ut saman med sakspapira i oktober
Val av representantar
Alle kommunane i Møre og Romsdal skal sende to representantar kvar til UFT. Vedtektene for UFTog UP set følgjande vilkår som må oppfyllast (sjå utdrag).
§2 Representantane:
a) Ungdommens fylkesting skal setjast saman av to frivillige og interesserte
ungdommar frå kvar kommune i Møre og Romsdal. Det er viktig at ungdommens
fylkesting består av ungdom som er lyttande, og som klarar å formidle ungdommar
sine interesser i fylket.
b) Ungdommens fylkesting skal bestå av ungdom mellom 14 og 19 år.
c) Representantane skal vere ein gut og ei jente. Ungdommens fylkesting skal ha
kjønnsbalanse slik likestillingslova krev, og det bør også rekrutterast ungdom med
minoritetsbakgrunn.
d) Representantane skal ha personlege vararepresentantar.
e) Dei ungdommane som sit i ungdommens fylkesting må bu i fylket i den aktuelle
valperioden.
Val:
f) Representantane skal veljast frå ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre. I
kommunar som ikkje har ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre står
kommunen fritt til å finne aktuelle kandidatar.
g) For å sikre kontinuiteten skal representantane med vararepresentantar veljast for
ein periode på to år, med utskifting slik at ein av representantane blir valt kvart år.
Påmelding
Det blir elektronisk påmelding på www.ungweb.no frå 1. september med påmeldingsfrist
1.oktober. Kontaktpersonen i kommunane bør ha ansvar for påmeldinga. Sjå til at epostadresser
og postadresser blir ført inn korrekt. Hugs å sjekke nøye om nokon av ungdommane har allergiar eller andre behov som arrangør bør ha kjennskap til.
Val av nytt UP
Under UFT skal det veljast nytt UP for perioden 2010/2011. Ein valkomité vil jobbe under UFT med å intervjue alle som ønskjer å stille til val. UP er arbeidsutvalet til UFT og dei har om lag 8 møter i året. Dei skal representere ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå. I tillegg skal UP ha kontakt med lokale ungdomsråd. Eit år i UP er svært spennande, gjev unike muligheiter til å bli kjent med andre
ungdommar, det politiske systemet i fylket samt dra på forskjellige kurs og seminar. Dei
som har spørsmål til vervet i UP eller kunne tenkje seg å stille til val kan ta
kontakt med koordinator for UP; Anne Berit Svenkerud Halle på absh@mrfylke.no
Saker til UFT
UP oppmodar lokale ungdomsråd om å komme med forslag til saker UFT skal handsame. Det er UP som til slutt skriv sakene og innstiller til UFT, men ein ønskjer eit stort utval av gode saker å velje i. Det er sjølvsagt avgrensa kor mange saker ein kan ta opp over ei helg. UP vil freiste å velje ut gode, prinsipielle og dagsaktuelle saker. Forslag til saker kan sendast til absh@mrfylke.no
1.juni er siste frist for å sende inn forslag til UFT-saker
Referat frå tidligare UFT kan du laste ned og på UNGweb.no
Årets ungdomskommune
Kvart år deler UFT ut prisen “Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal”.
Prisen går til ein kommune som har utmerka seg ved å:
- legge til rette for medverknad frå ungdom
- skape gode møtestadar for ungdom
- legge til rette for eit allsidig fritidstilbod for ungdom
- eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen.
Nomineringa må innehalde ei grunngjeving. Frist er 1. oktober.
Framover
Følg med på Ungweb.no for meir informasjon om UFT.
- 1. juni – frist for lokale ungdomsråd for å sende inn forslag til UFT-saker.
- 1. september – UP set opp saksliste for UFT 2010.
- September og oktober – Administrasjonen i fylket, UP og koordinator skriv sakspapir.
- 1. oktober – frist for å melde på representantar og koordinatorar til UFT
- 1. oktober – first for å nominere til Årets ungdomskommune
- 15. oktober – siste frist for utsending av sakspapir
- 5. – 7. november – UFT-2010
Velkommen til UFT 2010!
| Ida Andrine Heggset | Anne Berit Svenkerud Halle | |||
| Leiar Ungdomspanelet ida_andrine@hotmail.com | koordinator absh@mrfylke.no | |||

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)