Karl Andre Birkhol
Kjære velgar !
Venstre vil ha ein god offentleg skule som gir alle like moglegheiter til kunnskap, til å ta i bruk sitt potensial og til å bidra i samfunnet uavhengig av bustad og sosial og kulturell bakgrunn.
Ein god offentleg skule er viktig for å utvikle framtida sitt kunnskapssamfunn. Skulen er ein sentral arena for å utvikle grunnlaget for kunnskap og kompetanse som er avgjerande for framtidig verdiskaping.
Skulen si viktigaste oppgåve er å gi den enkelte elev det best moglege kunnskapsnivå, gode grunnleggande ferdigheiter og tru på eigne evner. Eit liberalt demokrati treng elevar som utviklar evne til sjølvstendig tenking, kritisk vurdering og som er nyfiken og kreativ.
Ei av hovudoppgåvene i den norske skulen er å betre kvaliteten i kunnskapsformidlinga. Elevane må følgjast opp tettare dei første skuleåra og opplæringa i basisferdigheitene lesing, skriving og rekning må verte styrka.
Dersom Noreg skal utvikle ein skule for kunnskap og like moglegheiter, må vi ha fagleg sterke lærarar. Difor vil Venstre gi alle lærarar tid og ressursar til fagleg påfyll gjennom systematisk etter- og vidareutdanning.
Mitt mål som framtidig stortingsrepresentant er at Noreg skal verte best på kunnskap, forsking og nyskaping for å sikre framtidig verdiskaping og velferd. Bygging av kunnskapssamfunnet er ein av Venstre sine hovudsaker. Vi vil ha ei målretta satsing på skule, høgare utdanning, forsking og næringsliv.
Eg ber deg vurdere vår politikk og våre kandidatar før du gir di stemme den 14. September.
Godt val!
Karl Andre Birkhol
2. kandidat for Møre & Romsdal Venstre
