Frøydis Austigard
Kjære velgar!
Alle veit at kultur er viktig for trivsel og busetting , for helsa vår og sjela vår.
Difor vil Venstre at alle born alt frå barnehagen skal få gode kulturopplevingar formidla av profesjonelle kulturutøvarar, og at alle born skal få plass i kulturskulen for at dei skal kunne glede seg over eiga kunstutfalding. Og vi er villege til å skaffe pengar til det.
Alle veit at det er sunt for oss at vi går, spring og syklar meir – og at det også er sunt for miljøet.
Difor vil vi satse pengar på å lage gang- og sykkelvegar alle stader der folk bur slik at born og vaksne kan gå og sykle fritt utan å vere redde for å bli påkøyrde.
Alle veit at vi ikkje kan fortsette å forureine lufta og naturen slik vi hittil har gjort.
Difor vil vi bruke pengar på å utdanne ungdommar som kan forske på ny teknologi, teknologi som kan gi oss bilar, båtar, tog, møblar, energi og forbruksvarer som ikkje forureinar
Alle veit at dersom folk slutta å gjere ein frivilleg innsats, så vart mykje positivt arbeid borte og fleire ville kjenne seg einsame
Difor vil vi fjerne moms på investeringar til frivillege lag og organisasjonar.
Hilsen,
Frøydis Austigard
3. Kandidat for Møre og Romsdal Venstre
